Korona og steinkasting

I Bibelen vert det fortalt ei historie om ei kvinne som er gripen i hor (Joh 8.1-11). Dei skriftlærde og farisearane førte henne til Jesus, og spurde kva dei skulle gjera med henne. Dei minna Jesus om at etter moselova skulle slike steinast.

Det gjekk ei stund før Jesus svarte, og svaret var nok uventa: «Den av dykk som er utan synd, han skal kasta den første steinen på henne.» Det vart inga steinkasting. Folket gjekk sin veg, ein etter ein – «dei eldste først», seiest det. Det var altså ingen som var i posisjon til å døma henne. For kvinna enda det med dei frigjerande orda om at heller ikkje Jesus fordømde henne, men ho fekk samstundes formaninga til ikkje å synda meir.

Dette dreier seg om ei historie om utruskap, men prinsippet i fortellinga vil gjelda generelt. Det er ei fortelling som manar oss til å vera varsame med å døma andre. Vår posisjon er syndarar, og då skal vi ikkje vera snare til å døma folk som handlar feil, medvite eller uforvarande. Fortellinga er samstundes ei sterk forkynning av evangeliet, og det er ei formaning til å leva rett.

Eg kom til å tenkja på denne fortelling i samband med at statsministeren og familien hennar kom i skade for å bryta smittevernreglane, i alle fall eit av råda som er gjevne. Det synest ha vore fordi dei tolka reglane feil. Det skal sjølvsagt ikkje ein statsminister gjera, men det kan likevel skje. For litt sidan var det også nokre Ap-politikarar som kom feil ut i høve til smittevernreglane.

Det har vorte mykje oppstyr i media om dette, særleg det som gjeld statsministeren. No er det slik at lovar og reglar er like for Tor som for Loke. Folk flest og «kong Salomo» skal behandlast likt. Det inneber at statsministeren ikkje skal behandlast mildare enn folk flest – men heller ikkje strengare. For meg er det nokså surrealistisk at ei minisak som dette, får mange og store medieoppslag. At det brukast så store ressursar på dette samanlikna med dei store spørsmåla i tida, vitnar om feil prioritering og feil fokus. Om nokon no ikkje vil vera så nøye med å fylgja smittevernreglane, fordi statsministeren kom i skade for å handla feil, seier det meir om dei enn om statsministeren.

Eg vil tru at det ikkje finst eit einaste menneske i dette landet som ikkje har brote ein eller fleire av smittevernreglane. Nokre gonger skjedde det i vanvare, fordi ein ikkje var godt nok oppdatert på reglane, andre gonger var ein fullt klar over brotet, men oftast var det truleg uforvarande av praktiske grunnar. Normalt har det ingen negative effektar, men brot er brot og skal ikkje skje. Likevel er livets realitetar at det skjer, og det kan endatil skje for statsministeren.

Eg bed alle som er heilt sikre på at dei aldri har borte ein einaste av smittevernreglane, slik som å halda minst ein meter avstand, om å retta opp handa. Dei kan så finna kvar sin stein og kasta på statsministeren. Eg trur steinane vert få eller ingen, om folk er ærlege. Det kjem i alle fall ingen stein frå meg, og eg er så gamal no at eg eig ei viss sjølverkjenning  – og så skal eg gjera mitt beste for å fylgja smittevernreglane vidare, som nok også statsministeren vil gjera.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock