Dei unådde og fortapinga

Det store og smertefulle spørsmålet i misjonsteologien er kva som skjer med dei som ikkje får høyra evangeliet, dei unådde. Det store og engasjerte svaret på dette har vore at vi må driva misjon, slik at dei kan få høyra Guds ord til frelse. Syndefallet har ført dei utanfor Guds rike, og berre ved å høyra og tru evangeliet kan dei få del i det evige livet.

Nokre hevdar at Jesu forsoningsverk er slik at alle menneske til slutt vert frelste, eller at dei som trur på Jesus vert frelste, medan alle andre vert gjort til inkje. Andre vil hevda at Gud har fleire frelsesvegar, anten gjennom religionane eller ved at han dømer ut frå det lyset mennesket har fått. I debatten om dette spørsmålet, har det nettopp vorte hevda at dei som har fått høyra evangeliet, vert dømde ut frå korleis dei har stilt seg til det. Dei unådde, dei som ikkje har fått sjansen til å ta imot eller avvisa evangeliet, vert dømde ut frå lova. Det vert då vist til Rom 2,12-16, som talar om å verta dømde ved lova.

Då eg i min ungdom studerte kristendom ved det som no heiter NLA Høgskolen, hugsar eg at professor Arve Brunvoll i dogmatikken gjekk gjennom openberringsspørsmålet. Der skil vi mellom den allmenn eller naturlege openberringa, og den spesielle openberringa, eller Ordets openberring.

Den naturlege openberringa er knytt til naturen, historia og samvitet, og til den erkjenninga av lova som ligg i dette. Det er teologisk usemje om vi kan få sann gudskunnskap gjennom denne openberringa og i så fall kor mykje og kva type gudskunnskap det gir. Dette heng også saman med vår naturleg gudserkjenning, slik denne er etter syndefallet.

Brunvoll gjekk gjennom dette ut frå Rom 1 og 2, som er det mest aktuelle tekstavsnittet i denne samanhengen. Her vert det sagt at Gud gjennom den naturlege openberring har gitt seg tilkjenne, slik at mennesket skulle æra han, men det gjer mennesket ikkje. Mennesket dyrkar skapningen i staden for Skaparen, og samlar Guds vreide over seg. Den naturlege openberringa, er ei domsopenberring, sa Brunvoll, altså ikkje ei frelsesopenberring. Det brende seg fast i meg, og løyste dette spørsmålet for meg. Den naturlege openberringa avslører korleis mennesket er etter syndefallet. Det kan ikkje ut frå seg sjølv eller lova erkjenna Gud på rett vis, slik at ein ærar han. Mennesket kan ikkje ut frå seg sjølv eller ut frå lova sjå og tru evangeliet. Difor heiter det også at mennesket vert dømd ved lova, ikkje frelst.

Det må ei anna og spesiell openberring til for at mennesket skal erkjenna Gud rett, altså læra Gud å kjenna som både Skapar og Frelsar. Det er Ordets openberring som viser oss Jesus og hans frelsesverk, og overtyder oss om at dette er sant og at vi treng det, slik at vi trur det og fattar tillit til Jesus Kristus. Det skjer ved forkynninga.

I 1989 var eg på ein stor misjonskonferanse i Manila, i regi av Lausanne-rørsla. Det var mange ting som gjorde inntrykk der, men på det teologiske planet med tanke på misjon, var det særleg to moment. Det eine var den sterke understrekinga av det å leva eit heilagt liv. Det treng nokon kvar av oss påminning om. Eit kristenliv utan integritet undergrev misjonsarbeidet.

Det andre var understrekinga av Jesus som den eineståande, den einaste Frelsaren. Det vart sagt at i åra framover ville det vera her kampen i misjonsteologien kom til å stå, og det er rett inn i kjernen av spørsmålet om korleis dei unådde kan verta frelste. Jesus seier at ingen kjem til Faderen utan ved han, og heidningane sin apostel spør om korleis dei kan koma til tru og frelse utan at det noko som forkynner Kristus for dei, og skal det skje, må nokon sendast ut for å forkynna Ordet.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock