NRK – antisemittisme og mobbing

For kort tid sidan vart det på direkten på NRK sendt ein tirade av antisemittiske karakter. Utgangspunktet var Israels suksess med vaksinering mot korona. Tiraden skapte sterke reaksjonar frå mange hald. NRK beklaga og fjerna innslaget, men hevda det ikkje var antisemittisk.

Det er symptomatisk at NRK i utgangspunktet ikkje erkjente at det dreidde seg om antisemittisme, sjølv om det var så grovt at einkvar med den minst forståing av antisemittisme måtte forstå det. Reaksjonane var så sterke, og det var tydeleg at Kringkastingsrådet ville koma til å kritisera tiraden sterkt, så NRK-leiinga måtte etter kvart vedgå at det var antisemittisme, og med det beklaga på det grunnlaget. Det var godt det skjedde, men det skulle då også berre mangla.

I programmet Nytt på nytt, har det også vore innslag av antisemittisk karakter, sjølv om det ikkje har vore så grovt som i det aktuelle tilfellet. Dette har ikkje vorte erkjent eller beklaga.

Det som ofte gjer at sterke overtramp, mobbing, rasisme og antisemittisme får passera utan påtale i radio og tv, er at det skjer i program som er definerte som underhaldning og som er prega av satire. Då synest det meste å gå an. Det er nesten som underhaldningsmobbing, underhaldningsrasisme og underhaldningsantisemittisme er greit, men «seriøs» mobbing, rasisme og antisemittisme er uakseptabelt. Det er ei merkeleg sak.

Namngjevne personar eller grupper av menneske opplever nok ikkje mobbing eller rasisme som rammar dei, som underhaldning, sjølv om det skjer i eit underhaldningsprogram. Dei opplever det som mobbing eller rasisme. Jødar opplever heller ikkje antisemittisme som satire eller ironi sjølv om det førekjem i den typen program. Dei opplever det som antisemittisme, som på godt norsk vil seia jødehat.

Barn og unge som ser og høyrer på slike program, vil heller ikkje klara skilja det som vert sagt der frå det som vert sagt i «seriøse» program. Dei får med seg ordlyden, og det som er lovleg og akseptabelt å seia for vaksne folk i radio og på tv, må også vera greit å seia i skulegarden og formidla på sosiale media. Det er umogleg å få bukt med mobbing, rasisme og antisemittisme, så lenge NRK og andre medieaktørar gjev det spelerom i visse typer program, og med det let det få legitimitet i det offentlege rommet.

I brev til preses i Den norske kyrkja beklager kringkastingssjefen det nemnde innslaget, og peikar på at NRK skal vera tolerant og inkluderande og kjempa mot antisemittisme og rasisme, og avslutta brevet slik: «Jeg er helt trygg på at holdningene i vår organisasjon er preget av dette oppdraget og ikke av antisemittiske eller rasistiske holdninger. Det gjelder også den angjeldende journalisten i denne saken.»

Det kan vera at han burde gått eit hakk djupare i saka, og nettopp sett etter haldningar av antisemittisk slag. Eg skal ikkje granska hjarta og nyrer hjå  «den angjeldende journalisten», men dersom den tiraden han klarte å prestera, ikkje botnar i antisemittiske haldningar, må i alle fall dei intellektuelle og sosiale antennene vera svært dårleg utvikla – og då er ein faktisk ikkje eigna til den typen program som han står for.

Johannes Kleppa