Vår heilage ku

I India har dei heilage kyr, og det er bokstavleg tala kyr som går fritt omkring. Vi synest det er ei underleg greie, men det har med tru og religion å gjera – og då er det ikkje så mykje å gjera med det, tenkjer vi gjerne.

I Noreg overlet vi kyrne til bøndene, slik at vi får melk og alt anna kyr kan gje. Derimot har det no vorte klart at vi har ei heilag ku av ein heilt annan karakter: ALKOHOL. Alkoholen har fått ein friplass i samfunnet, som kyrne i India. Det er ingen rasjonell grunn for at det skal vera slik, det er på grensa til det religiøse. Alkoholen har vorte ein avgud som dyrkast både privat og i det offentlege rommet.

Eg har lenge hatt inntrykk av at alkoholen er som ei heilag ku, men koronapandemien har til dei grader avslørt og stadfesta at det er slik. I alt av restriksjonar som er innførte, er det når alkoholen vert ramma, det vert ramaskrik. Ikkje rør vår heilage ku!

Regjeringa har innført smittevernreglar og lagt sterke restriksjonar på folk sine liv. Mykje er meir eller mindre stengt ned i lang tid. Frå fagetatane og regjeringa si side har det stadig vorte understreka at det er summen av tiltaka som gjev resultat, og at ein må opna samfunnet litt om gongen. Då vil det vera ei prioritering kva som kjem i første rekke, og her kan vi ha ulike oppfatningar.

I denne situasjonen skjer det svært uvanlege, at Stortinget grip inn og overstyrer regjeringa. Stortingsfleirtalet ropar høgt og tydeleg: Ikkje rør vår heilage ku! Og så opnar dei for alkoholservering på pubar og restaurantar, sjølv om andre delar av samfunnet som er nedstengt, då må venta.

Prioriteten er altså ikkje sjukeheimar, barnehagar, skular, kyrkjer, moskear, idrettsanlegg eller kulturtiltak. Prioriteringa er alkoholen, den heilage kua. I denne samanhengen nyttar det ikkje å argumentera med at nedstenginga går ut over arbeidsplassar. Det gjer det også i det øvrige næringslivet, i reiselivet og i kulturlivet. Dessutan kan økonomiske tap kompenserast av staten, som det i stor grad også vert gjort. Nei, det er tilgangen til alkohol – den heilage kua.

Då vinmonopolet vart stengt i Oslo og nokre omkringliggjande kommunar, valfarta folk til pola i nabokummunane, trass i at det var sterk oppfordring til at folk ikkje reiste unødvendig. Då regjeringa med sine fagetatar oppdaga dette, oppfatta dei tydelegvis reising til vinmonopol som nødvendige reiser. Då måtte alle vinmonopola opnast, slik at reisene vart så korte som mogleg, og med det ikkje drog smitte langt av stad. Den heilage kua måtte få livsrom. Det vart endatil argumentert med at nokre er avhengig av alkohol!

I staden for å stengja vinmonopol i større omkrins eller i staden for å seia at berre folk frå kommunen fekk handla på polet, vart altså eit smitteverntiltak oppheva. Alle veit jo at alkoholbruk i seg sjølv fører til brot på smittevernreglane, i tillegg til at reising for å kjøpa kan føra smitte med seg.

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet, spør i Dagen (30/1): «Har Noreg eit alkoholproblem?» Ho spør med utgangspunkt i saka om vinmonopolet, og svaret synest å vera ja, men det verkar som ho har gløymt kva partiet hennar bidrog til i Stortinget. Det er greit å redusera talet på heilage kyr, men det beste er å få dei heilt bort.

Johannes Kleppa