Ideologiske angrep på skule og oppseding

Nest etter spørsmålet om livsrett og menneskeverd er truleg spørsmål om samliv og oppseding, dei viktigaste verdispørsmåla vi har. På alle desse områda står det for tida sterk kamp. Dette dreier seg om både personlege og politiske spørsmål. Det går på familie og samfunn.

Etter mi vurdering er ikkje kristenfolket nok opptekne med dette, og let det heller ikkje få den posisjonen det bør ha med tanke på prioriteringar i livet og i politikken. Med få unnatak er heller ikkje politikarane seg nok medvitne desse spørsmåla, og det er i ferd med å oppstå ei tenking om kva som er politisk korrekt på dette området, som kan føra svært galt av stad.

Vi har sett at det i Klepp kommune er reist forslag som vil vera einsrettande for barne- og ungdomsarbeidet i kommunen. Det er forslag som ber diktaturets merke, sjølv om det nok ikkje er meint slik. I Stavanger er det reist forslag som i praksis vil gjera det umogleg å driva kristne friskular, ved at både det lovmessige og det økonomiske grunnlaget for desse vert rive bort. Det er ikkje første gongen dette skjer, men den prinsipielle motstanden mot kristne friskular og med det mot spesifikk kristen oppseding vert stadig sterkare.

NLA Høgskolen har dei siste åra opplevd fleire angrep på si ideologiske og kristne plattform, både innafrå institusjonen og utafrå. Styret og rektor har stått mot desse angrepa, og skal ha stor takk for det. No er høgskulen angripen på ein nokså original måte, og som set heilt på spissen motstanden som er mot kristen-ideologisk innverkna i samfunnet vårt. Offentlege skular seier nei til å ta imot praksisstudentar frå NLA på grunn av institusjonens verdidokument! Frå professorhald er det påpeika at dette er ulovleg, men ideologiske angrep let seg ikkje stoppa av lovverk. No er det slik at det er tilsette ved NLA som er forplikta på verdidokumentet, ikkje studentane. Studentane som skal ut i praksis, kan meina kva dei vil, men NLA skal like fullt svertast og rammast.

Vi går no snart inn i ein valkamp, og då bør ideologiske spørsmål koma høgt på dagsordenen. Frå kristent hald bør ein særleg påpeika ideologiske angrep på kristne skular og på oppsedinga, og få fram kor viktig dette området er for foreldre og samfunn. Dette har med menneskerettane og statsforståinga å gjera.

Det er mange spørsmål det er naturleg å leggja vekt på når det gjeld val av parti og kva ein skal bruka røysteretten til, som distriktspolitikk og klimaspørsmål. Dei fleste spørsmåla er likevel av ein slik karakter at ein ut frå fornuftsmessige argument kan konkludera ulikt.

Det er nokre få spørsmål som er av overordna karakter, og som med det må få størst vekt og verta prioriterte i det politiske valet. Blant desse er altså på ein særleg måte livsvern og menneskeverd, ekteskap og familie, skule og oppseding. Dersom desse spørsmåla vert nedprioriterte ved bruken av røystesetelen, vil det få svært negative konsekvensar for samfunnet og for dei unge som skal veksa opp i det. Det ideologiske presset, både frå venstre, høgre og sentrum i politikken, er no så sterkt, at det må reisast ein moteld av kristen karakter til dette. 

Johannes Kleppa