Bibelen – for oss og til oss

I det siste har det vore ein merkeleg diskusjon om Bibelen, altså Guds ord, er skrive for oss eller til oss. Det er ein motsetnad eg aldri har tenkt på før. Kven skulle Guds ord vore skrive til, om det ikkje er til oss menneske? Det er jo ikkje skrive til englar, heller ikkje til dyr. Då er det ikkje noko anna alternativ enn til menneske – altså til oss.

At Bibelen ikkje er skriven spesifikt til oss som lever i år 2020, veit jo alle. Bibelen er skriven over lang tid, og dei enkelte skrift vart slik sett skrivne til dei som levde på den tida, men då slik at det var Guds ord til folk til alle tider etterpå. Det at Bibelen ikkje er skriven i vår tid eller i vår kultur, betyr at vi til ei viss grad må ta omsyn til den tida det konkret vart skrive i når vi skal lesa og tolka bibelske tekstar. Det kan gjelda språkkbruk og biletbruk, historiske opplysningar og måten å skriva tekstar på. Dette gjeld altså ytre forhold ved teksten, men bodskapen er den same til alle tider – sett bort frå at aktualiseringa kan vera noko ulik, slik som forskriftene i GT til israelsfolket.

Det avgjerande er at Bibelen er openberring, og denne openberringa er ikkje berre for oss, men til oss. Gud har gitt sitt ord til menneskeslekta, og med det til folk til alle tider og i alle kulturar – altså også til oss. Det er mennesket som er adressaten for openberringa, sjølv om denne er gitt til og formidla ved bestemte personar, anten det var profetar eller apostlar.

Den formaninga vi finn flest gonger i Bibelen, består av eitt ord: Høyr! Skal det ha meining, må det vera eit ord og ein bodskap som er adressert til den som skal høyra. Den motsvarande formaninga er difor: Forkynn! All forkynning er tiltale, altså eit ord til den som høyrer. Skal forkynning vera slik tiltale, må det ordet som skal forkynnast, også vera det. Det er bodskapen, altså Kristus, som er hovudsaka, men bodskapen og personen kjem til oss ved ord.

Bibelen er lov og evangelium, og det er nettopp ord og bodskap som er adressert tiltale. Det er så direkte tiltale at det skal nå hjarta og samvitet. Det er ein bodskap til den einskilde som skal og kan overtyda om synd og nåde, og med det formidla frelsa.

Guds ord er ikkje primært eit teoretisk ord, noko som fortel om eitt eller anna, men det er eit nådemiddel. Det er det midlet Gud brukar til å formidla evangeliet og frelsa til oss. Guds ord er openberring som fortel oss om Jesu gjerning for oss, altså det han har gjort i vår stad og til vår frelse. Dette som slik er for oss, vert som bodskap skrive og forkynt til oss ved Bibelens ord, Guds ord.

Vi skal ta på alvor at Bibelen er skriven til ulike tider og inn i ulike kulturar, men vi skal samstundes ta på alvor at det er Guds ord til oss – til meg og til deg.

Johannes Kleppa