«Kirkens grunn og menneskelivets grunnvoll»

Overskrifta på denne artikkelen er tittelen på «en erklæring om det tokjønn-baserte ekteskapet, og en appell til Storting og regjering om å verne foreldreretten og tros- og ytringsfriheten».

Kirkens grunn og menneskelivets grunnvoll

Erklæringa er utarbeidd av ein redaksjonskomite med medlemmer frå ulike kyrkjesamfunn og samanhengar, og ho er underskriva av ei rekkje kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar.

Misjon Sarepta er ikkje blant underskrivarane, men vi har heller ikkje fått spørsmål om å underteikna, og vi var ikkje klar over at erklæringa var under arbeid. Underteikna har lese erklæringa med stor takk og glede, og eg vil gjerne få slutta meg til innhaldet og aktualiseringa. Dette er både ein svært tydeleg og ein svært viktig bodskap inn i dagens ånds-, kultur og samfunnssituasjon. Erklæringa er retta som ein appell til styresmakta vår, men det er like mykje eit botsrop til Den norske kyrkja med sine leiarar og til andre som har svikta eller er i ferd med å svikta når det gjeld samliv og ekteskap. Det er samstundes eit kall til oss som vil står for ei bibelsk tenking på alle livsområde.

Tittelen er dristig, fordi den assosierer til «Kirkens grunn» som vart forfatta under siste verdskrigen, og som var det teologiske grunnlaget for kyrkja sin motstandskamp mot nazismen og okkupasjonsmakta. Eg vil tru at denne linken er medviten og vilja av redaksjonskomiteen, og det er svært bra. Sjølv om konflikten under krigen var både breiare og spissare enn dagens situasjon, er problemstillinga prinsipielt den same. Det dreier seg om kva som er bibelsk rett, om den kristne kyrkja si forplikting og om statens mandat. Med det går det no som då på trus- og ytringsfridomen, på forkynninga og foreldreretten. No som då vil staten overstyra kva borgarane i samfunnet skal meina og gjera, og no som då vil ein ideologisk einsretting.

Erklæringa startar der alle teologi og kristen rettleiing skal starta, i den guddommelege openberringa i Skrifta. Den kristne kyrkja og vi som kristen einskildpersonar er i alt forplikta på Skrifta. Det har ikkje staten mandat til å gjera noko med. Når styresmakta prøver seg på det, må vi lyda Gud meir enn menneske – same kva det vil kosta.

Erklæringa går så vidare med å konstatera at menneskeverdet har sin grunn i at mennesket er skapt i Guds bilete. Det gjeld absolutt alle menneske, men også berre mennesket. Dette er avgjerande for kjønn og ekteskap, fordi mennesket vart skapt i Guds bilete som mann og kvinne. Ekteskapet mellom mann og kvinne er grunnvollen for alt menneskeleg liv. Det tokjønna ekteskapet er kjent frå alle kulturar og er nedfelt i menneskerettane. Dette gjev familien ein særeigen posisjon, og det gir foreldra rettar og plikter overfor sine born.

Etter at erklæringa har gått gjennom desse punkta, vert spørsmålet om kristne og kyrkja sitt rette forhold til statsmakta teke opp. Det baserer seg på at styresmakta er innsett av Gud, og med det er ei gudvilja ordninga med eit bestemt mandat og med ei bestemt avgrensing. Styresmakta skal fremja den god og hindra den vonde gjerninga. Går styresmakta ut over det, og trer inn i folks tru og samvit, vert ho tyrannisk og i siste instans demonisk.

Erklæringa tek opp eit spesielt moment ved å visa til dei såkalla Yogyakarta-prinsippa, som har namnet etter ein by i Indonesia, og som er oppløysande for kjønn og samliv – og med det for samfunnet. Desse prinsippa vert no lagt til grunn for statens ideologi og lovgjering, sjølv om desse prinsippa aldri har vorte offentleg drøfta, og sjølv om dei fleste stortingsrepresentane truleg har lite og ikkje kjennskap til Yogyakrata-prisnippa. Det dreier seg altså om udemokratisk manipulering.

Eg takkar og bukkar for det svært gode arbeidet som er gjort med denne erklæringa, og eg vonar at mange vil merka seg innhaldet og aktualiteten.

Johannes Kleppa