Misjon og bordkledde hus

Vi treng stadig å minna kvarandre om det forvaltaransvaret vi har for dei ressursane vi har fått til disposisjon. Det gjeld både bruken av materielle verdiar, tida og personleg utrustning. Det gjeld ikkje minst ansvaret for å gje til misjonsarbeidet, som er det viktigaste som skjer på jorda.

Eg har skrive om dette før, men minner om det på nytt. Det gjer eg ikkje fordi det er økonomiske problem i Misjon Sarepta, men fordi det velstandssamfunnet vi lever i, lett fører til feil prioritering. I Sarepta har vi vore og er vi velsigna med mange gode gjevarar, slik at økonomien har gått greit. Samstundes er det slik at vi gjerne vil nå lengre ut med Guds ord, og til det trengst det midlar.

I landet vårt lever vi truleg i den mest materialistiske tida historia kjenner. Materialismen har det i seg at ein alltid vil ha litt meir til seg sjølv. Velstandssamfunnet ber i seg mykje å bruka tid og pengar på, og så ser ein gjerne på kva andre prioriterer – og tek etter. Det går lett meir enn nødvendig til seg sjølv og familien, hus og heim, ferie og fritid, hobbyar og kultur.

Då Israel fekk lov til å reisa heim frå eksilet i Babylon, stod dei overfor to hovudoppgåver: å byggja oppatt Jerusalem med muren og reisa templet med offertenesta. Då viste det seg at folket prioriterte sitt eige hus, framfor Guds hus.  Det gjekk tregt med bygginga av templet.

I denne situasjonen sa Gud via profeten Haggai med tanke på templet og gudstenesta: «Er det tid for dykk å bu i bordkledde hus, medan dette huset ligg i ruinar?» Han ba dei også leggja merke til kva den prioriteringa førte til. Det gjekk dårleg med både folk og samfunn. Det meste rann ut mellom fingrane på dei, fordi kvar hadde det travelt med sitt hus, medan Guds hus ikkje vart prioritert.

Dette bør vera ei påminning og formaning til oss i vår rikdom og i vårt velstandssamfunn. Rett nok bur vi i eit land og eit klima som treng bordkledde og gode hus, men prioriteringa av seg og sitt, er like aktuell – ja, eg vil tru ho er meir aktuell for oss i dag, enn ho den gongen var for det jødiske folket.

Som Israel vart formante til å prioritera Guds hus, vert vi formante til å prioritera Guds rike. Det skjer ved å driva misjon og byggja kristne forsamlingar – med alt som ligg i det også når det gjeld media, skular, barnehagar, leirstader, diakoni og kva arbeidsgrein det måtte vera.

Eg vil oppmoda alle til å lesa dei to kapitla hjå profeten Haggai, og i lys av det stilla seg nokre sjølvkritiske spørsmål om korleis ein disponerer dei ressursane ein har fått til disposisjon. Prioriterer ein sitt «bordkledde hus» så sterkt at det går ut over Guds tempel?

Johannes Kleppa