Kva med Sarepta og Samemisjonen?

Landsmøtet som Samemisjonen hadde i Alta i helga, kom ikkje til noko endeleg avgjerd i spørsmålet om vegen vidare for Samemisjonen. Det var ein omfattande debatt om ulike sider ved saka. Underteikna var til stades på Landsmøtet og fylgde debatten, og svarte på spørsmål og kommenterte nokre synspunkt, samstundes som eg understreka at Samemisjonen måtte gjera det dei fann mest tenleg for sitt kall og oppdrag.

Eg hadde ein avslappa rolle i Landsmøtet, men det var spennande å fylgja debatten og snakka med folk. Det var fleire samar til stades, og ein del av desse deltok i debatten på ein konstruktiv måte. Det gjorde inntrykk å høyra deira synspunkt og måten å takla ei slik sak på. Den samiske kulturen er skeptisk til det som er nytt og ukjent, og det vert lagt vekt på å bruka nok tid, slik at ein kan oppnå semje gjennom samtale, og ikkje avgjera saker gjennom avrøysting. Ut frå samane si forståing var saka ikkje skikkeleg mogen i deira samanheng, og dei ønskte ikkje å avgjera henne gjennom ei kampavrøysting. Det dei var særleg opptekne med, var den samiske identiteten som var knytt til namnet Samemisjon og den møteforma og forkynninga dei var vande med. Landsmøtet tok dette på alvor, og valde å utsetja saka etter ønskje frå det samiske miljøet.

Under Landsmøtet vart det debatt om rapporten frå Protokollkomiteen, både med utgangspunkt i korleis rapporten var komen i stand, og ut frå at rapporten sa at Landsstyret hadde gått ut over sitt mandat. Landsstyret oppfatta det som mistillit, slik at dei ville gå av om Landsmøtet godkjende rapporten. Det enda med at Protokollkomiteen endra si innstilling til å seia at det var to ulike oppfatningar på dette punktet. Med det vart spørsmålet om prosedyre og Landsstyret sitt mandat lagt dødt.

Det var også spenning knytt til val av nytt styre. Resultatet vart at det kom inn i styret folk med ulike syn i saka. Den nye formannen har kjempa for at Samemisjonen skal halda fram som eigen organisasjon, men fleirtalet i styret har markert støtte til samanslåing med Sarepta. Landsstyret har fått eit klart oppdrag frå Landsmøtet, som dei må gjennomføra uavhengig av kor medlemmane står personleg i spørsmålet.

Vedtaket Landsstyret gjorde, er som fylgjer:

«Av respekt for samisk kultur utsettes saken.

Dette forutsetter at Landsstyret arbeider videre med de to forslag som ble fremmet på Landsmøtet i Alta 2020. Dersom det ikke er representanter for begge forslag i det nye Landsstyret, oppnevnes det en komite som utreder alternativene. Landsstyret må ta hensyn til de synspunkter som er framkommet under Landsmøtet, særlig fra de samiske representanter. Landsstyret må under arbeidet ha god kontakt med Finnmarksutvalget og kretsene.

Ekstraordinært landsmøte avholdes innen ett år.»

Landsstyret har altså fått i oppdrag å arbeida fram to alternativ, der det eine er samanslåing med Sarepta, slik at Landsmøtet kan avgjera saka ut frå det. Det er dette Sarepta no har å førehalda seg til, og som styret må gå inn i.

Johannes Kleppa