Lærebok, kreasjonisme og apologetikk

«Kreasjonister gir ut lærebok», heiter det i ei overskrift i Vårt Land – som om det skulle vera noko sensasjonelt. Det har skjedd mange ganger opp gjennom historia rundt om på jorda. Det spesielle er at det ikkje har skjedd her på berget på mange år, og det spesielle er at det vert oppfatta å vera kontroversielt.

Det dreier seg om ei tverrfagleg lærebok, «Guds verden», til bruk i ungdomsskulen, skriva av Andreas Årikstad. Han er for tida rektor ved Jærtun kristne skule, og han er sterkt engasjert i organisasjonen Skaper, som nettopp fremjar kreasjonisme, altså at jorda er skapt på seks dagar a 24 timar for omtrent 6000 år sidan (ut frå Bibelens slektstavler). Boka er meint å fremja kristen tenking, og ein vesentleg del i det er forståinga av skapinga.

Eg har ikkje lese boka, og eg veit ikkje kor eigna ho er som lærebok, men det er grunn til å gjera seg nokre tankar rundt reaksjonar på at ei lærebok fremjar bibelsk skapingslære i form av kreasjonisme. Frå departementalt hald vert det minna om at friskular skal gje ei undervisning som er «jamngod» med det som skjer i den offentlege skulen, men det betyr ikkje at det skal vera ei undervisning som er identisk med denne. Tvert imot har kristne skular plikt på seg til å undervisa alternativt til den offentlege skulen. Det må gjelda også der det kjem på tvers av det politisk korrekte i samtida.

Det er sjølvsagt at alle skular må undervisa om evolusjonslæra, sidan denne er dominerande i store delar av samfunnet. Spørsmålet er korleis denne læra vert framstilt og vurdert. Kristne skular må ha ei kritisk framstilling av evolusjonslæra, fordi denne er av naturalistisk og ateistisk karakter. Undervisninga i offentlege skular med tanke på bibelsk skapingslære er nok eit større problem enn undervisninga om evolusjonslæra i kristne friskular. Her er det truleg offentlege skular som slit med det «jamngode». Dessutan går ein nok der også utanom at det i alle kulturar og religionar til alle tider har vorte rekna med ein skapargud og ei skaping, samt ei eller anna form for katastrofe som syndefloda. Alt dette må med om det skal vera ei fullgod undervisning med tanke på opphavet til universet og meininga med det.

Frå apologetisk hald har det vorte reist innvendig mot læreboka fordi denne har eit «uvitenskaplig syn på skapelsen». Då legg ein eit bestemt vitskapssyn til grunn, der guddommeleg openberring er utelukka. Det er slik naturalismen tenkjer, men slik kan ein ikkje tenkja kristent sett – særleg ikkje i apologetikken. Kristne skuleeigarar kan heller ikkje tenkja slik.

Før ein uttaler seg om skaping, kreasjonisme, evolusjon og vitskap, bør ein lesa professor Ivar Kristianslund si doktorgradsavhandling om dette temaet. Han er spesialist på vitskapleg metode, og gjennom avhandlinga viser han at kreasjonismen står seg godt vitskapleg. Han finn at denne tenkinga står stekare enn evolusjonslæra vitskapleg sett, både ut frå observasjonar i naturen og openberringa i Bibelen. Dette bør særleg kristne skuleeigarar og folk som opptekne med apologetikk merka seg.

Johannes Kleppa