Den bibelske prioriteringa

Bibelen har ei svært klar og tydeleg prioritering: At folk må verta frelste. Det er også mange andre viktige saker i Guds ord, men det er ingen som konkurrerer med denne.

Som det er i Bibelen, bør det også vera i ein kristen sitt liv. Det er frelsesspørsmålet som er spørsmål nummer ein – både for vår eigen del og for våre medmenneske sin del. For ein del år sidan var eg i eigenskap av redaktør i Dagen på ei generalforsamling til ein av misjonsorganisasjonane. Under ein omfattande debatt om strategi for arbeidet, var mange synspunkt og prioriteringar framme. Då var det ein som gjekk fram og i sterke ordelag minna om hovudsaka i dei mange sakene. «Det er ein grunn for at vi som kristne er her på jorda, og det er at folk skal verta frelste», sa han med ettertrykk. Eg måtte gje han eit takkens ord for påminninga, og setninga har fylgt meg etterpå.

Den bibelske prioriteringa betyr at ingen ting er viktigare her på jorda enn misjon, både indre og ytre misjon – med alt som ligg i misjonsomgrepet. Det betyr likevel ikkje at alt konsentrerer seg om misjon, eller at alle skal bruka flest av døgnet sine timar på dette. I tillegg til alle timane vi må sova, vil mange timar gå til arbeid eller studier, og til å ta seg av hus og heim. I alt dette skal det likevel vera ei prioritering. Dei vi har med å gjera, må verta frelste.

Det er altså mange oppgåver å ta seg av på skaparplanet, men desse oppgåvene må ikkje få oss til å verta dennesidige og materialistiske. Det skjer svært lett. Ja, det skjer automatisk, om vi ikkje er oss den bibelske prioriteringa svært medviten.

Den bibelske prioriteringa må få oss til å spørja kva vi brukar tida til. Det er eit spørsmål om kva vi brukar fritida til, men like mykje eit spørsmål om korleis vi steller oss på arbeidsplassen eller på studieplassen. Er livet vårt eit vitnemål om Frelsaren, og innesluttar vi dei vi omgåast i bønn?

Den bibelske prioriteringa må også få oss til å spørja kva vi brukar pengane våre og andre materielle verdiar til. Mykje vil gå til livets opphald for ein sjølv og familien, men det er lett å bruka unødig mykje på dette. I vårt velstandssamfunn er materialismen sterk. Det er sagt at materialisme er at vi alltid vil ha «litt til». Det er det Guds ord kallar havesjuke. Det er tragisk at mykje av det kristne arbeidet slit med økonomien og misjon vert hindra på grunn av pengemangel, medan Guds folk brukar langt meir enn ein treng på seg sjølv.

Kvifor er den bibelske prioriteringa så viktig? Jo, fordi det står om evig liv eller evig fortaping. Korleis veit vi at dette er så viktig? Jo, fordi Gud sendte sin eigen Son til å jorda for å sona for syndene våre, og Jesus gjekk inn under vår synd og Guds vreide for at vi skulle gå fri. Det var og er Guds prioritering, og då bør det også vera vår.

Johannes Kleppa