Kristne som forlet forsamlinga

Eg vil tru at alle som har vore med i kristent arbeid ei stund, har erfaring med at det er nokre som sluttar å gå i forsamlinga. Då tenkjer eg ikkje på folk har vorte sjuke eller gamle, og av den grunn ikkje kan gå lenger. Nokre gonger er det konfliktar eller andre spesielle grunnar som gjer at folk sluttar, men ofte skjer det gradvis og utan klare ytre grunnar. Folk glid berre bort, men dei vedkjenner seg gjerne framleis som kristne.

I Dagen 15. august var det eit oppslag med Harald Hovland som har skrive mastergradsoppgåve om dette. Han har intervjua fem unge vaksne som vedkjenner seg kristen tru, men som har forsvunne frå det kristne fellesskapet. Det er ulike grunnar til dette, men det synest som at det er nokre fellestrekk, og han peikar på moment for korleis ein kan hindra at det skjer.

Det har vore eit gjennomgåande problem at når folk flytter, fell dei ut av forsamlinga og gjerne også fell frå som kristne. Denne problemstillinga har vore ekstra sterk når unge er ferdige med studiene og etablerer seg med familie og arbeid. Det hender at dei finn tilbake til forsamlinga når dei får barn, særleg om det er fleire unge familiar der. I min ungdom var det vanleg å tala om «21-årskrisa» med tanke på kristen tru og fråfall.

Hovland nemner «mangel på autentisitet» som eit hovudfunn i undersøkinga, altså at det som skjer i fellesskapet ikkje opplevest sant og ekte. Det heile vert noko ytre, der folk har personlege og vikarierande motiv for teneste i forsamlinga. Han peikar også på spenninga som er mellom ei kristen røyndomsforståing og tankegangen i samfunnet om individets sjølvutfalding. Det vert også peika på at mykje av det som skjer i forsamlinga, er basert på aktivitet, framfor på det personlege.

Eg har ikkje fasiten på kvifor folk forlet forsamlinga og kva som kan motverka dette. Eg vil likevel peika på to forhold. Ei som hadde vore sterkt aktiv i ungdomsarbeidet i ei forsamling, men som gav seg og trekte seg utav forsamlinga, kommenterte at det ikkje var henne dei var opptekne med, men at det var arbeidet hennar dei ville ha. Ho vart ikkje spurt etter som person eller korleis ho hadde det i livet, men dei sakna henne i tenesta. Tenestefokuset er viktig, men det kan verta for sterkt og for einsidig slik at den personlege dimensjonen fell bort. Forsamlinga vert då ikkje til hjelp når problem oppstår i livet, og det kan gå på trua laus.

Nokre går lenge i forsamlinga fordi dei er vaksne opp der, av miljømessige grunnar og fordi dei er aktive på ulike måtar. Det personlege møte med Kristus, kan likevel vera svakt og mangelfullt. Dei opplever lite i møte med Ordet, og dei har lite gudserfaring i livet og i bøna. Det heile vert teoretisk og upersonleg. Då reisest spørsmålet om korleis forkynninga har vore. Har denne skapt behov for Jesus og vist kven han er? Har forkynninga skapt syndserkjenning og behov for syndstilgjeving? Har forkynninga verka slik at folk treng forsamlinga og forkynninga der for sitt personlege liv, og at dei ikkje berre er der fordi forsamlinga treng dei? Kort sagt, har forkynninga skapt det rette perspektivet åndeleg talt? Det med at folk forlet den kristne forsamlinga utan at dei direkte har fråsagt seg kristentrua, må vi ta på stort alvor og arbeida med – både med tanke på korleis forsamlinga fungerer og kva forkynning som lyder der.

Johannes Kleppa