Stafettvekslingar i Misjon Sarepta

I alt misjonsarbeid skjer det stafettvekslingar ved at nye kjem inn og overtek ansvar og oppgåver. I Misjon Sarepta har vi to slike vekslingar 1. august. Det er dei første stafettvekslingane vi har hatt sidan starten for seks år sidan. Det er samstundes nokså spesielle vekslingar ved at dei to som var pionerane i Sarepta no går over i nye stillingar, og at dei gjer det samtidig. Endringa skjer etter deira eige ønskje.

Den som bar fram kallet til Sarepta, var Jan-Tore Olsen. Han kjende på eit indre kall til å verka i Spania og ut frå Spania for å nå spansktalande med evangeliet, men han ville ikkje at det skulle vera eit reint privat misjonsarbeid. Han ønskte ei organisering som gjorde at det var eit ansvarleg styre, og at arbeidet ikkje stod og fall med han. No er arbeidet etablert slik at skifte i oppgåver kan skje på ein naturleg måte. Sjølv om begge pionerane går over i nye stillingar skjer det ikkje radikale endringar med det, men det skjer ei utbygging av arbeidet.

Hans Bergane vart tilsett som dagleg leiar av Misjon Sarepta frå første dag, og han har vore ein dynamisk leiar i dei seks åra som har gått. Han har vore åndeleg tydeleg og arbeidsmessig offensiv. Han har kjent på eit særleg kall til å få til stadig nye møteplassar mellom folk og Guds ord i Norden, slik at ein kan nå lengre ut med forkynning. Han har difor ønskt å få konsentrera seg om det i ei nyoppretta som leiar Norden.

Ole Andreas Meling overtek som dagleg leiar i organisasjonen. Han kjem frå stillinga som rektor ved Jærtun Luthersk Friskole. Han bur på Nærbø, og hovudkontoret for Sarepta vert difor flytta frå Romsdalen til Jæren. Ole Andreas har også brei erfaring som forkynnar, og han vil farta med bubil rundt om i landet. Han vil også undervisa ved Centro Sarepta.

Jan-Tore Olsen sluttar som leiar utland, og går over i ei nokså fri stilling som misjonær og forkynnar. Dei tri siste åra har han budd saman med familien i Spania, men har no flytta til Noreg og bur i Kårvikhamn i Troms. Han kjem difor framover til å verka som forkynnar og bibellærar i Norden, særleg i Nord-Noreg. Det er også tanken at han skal ha turar til Spania både for å undervisa ved senteret og for å verka utadretta. Om det legg seg til rette for at familien flytter til Spania att, får tida visa.

Andreas Norbye overtek som leiar utland, og med det får vi ein ung mann inn som medarbeidar. Han er utdanna lærar, og han har ulike typar erfaring frå kristent arbeid, blant anna frå Bolivia. Han snakkar svært godt spansk, og kan med det gå rett inn i misjonsarbeidet både med oppsøkande verksemd og ved undervisning. Vi trur at vi med Andreas skal få enda meir kontakt rundt om i Spania, og slik rekruttera unge og eldre til bibelundervisning på senteret..

Det er med stor glede styret i Misjon Sarepta kan presentera denne stafettvekslinga, og vi trur det vil styrka arbeidet. Sjølv om dei to pionerane går stillingsmesssig «ned», held dei fram i uhyre viktige oppgåver. Det å få nytt blod inn i arbeidet, er ofte godt. Takk for innsatsen så langt til Hans og Jan-Tore, og lukke til i nye oppgaver – og velkomen til Ole Andreas og Andreas.

Underteikna har vore formann i Sarepta frå starten, og eg har med det hatt eit spesielt nært samarbeid med Hans som dagleg leiar. Det har vore ei udelt glede, som eg takkar for – og eg ser fram til samarbeidet med Ole Andreas.

Herrens signing over medarbeidarar og arbeid!

Johannes Kleppa

Hovedbilde: Adobe Stock