Dåp og kyrkjemedlemskap

Fleire kyrkjelydar innan pinserørsla har i det siste opna for at folk som er døypte som barn, kan verta medlemmar i forsamlinga, men berre dei som er vaksendøypte eller truande døypte, kan ha sentrale åndeleg verv. Den siste forsamlinga som gjorde denne endringa, var Filadelfia i Oslo, som like frå starten har vore den leiande pinseforsamlinga her i landet. Det har vorte sagt at ein med denne endringa av medlemskriterium ikkje har endra dåpslæra eller dåpspraksisen.

Det er ikkje mi sak korleis pinsevenner vil tenkja og handla i ei slik sak, men endringa aktualiserer spørsmål ut over det som gjeld medlemskap i pinserørsla. Sett med lutherske briller kan ein tenkja at dette må vera eintydig positivt, fordi ein med det tonar ned fronten mot barnedåp. Eg er likevel ikkje sikker på at det er så enkelt. Dåp og kyrkjemedlemskap heng nøye saman i alle kyrkjesamfunn, og med den nye praksisen i pinserørsla vert dette forholdet utfordra generelt.

Går vi tilbake til reformasjonstida, var barnedåp einerådande – med nokre marginale unnatak. På den tida var det vanleg å tenkja samanfall mellom «folkelekamen» og «kyrkjelekamen», det vil seia at alle i same landet skulle ha same trua – og då den trua som kongen eller fyrsten hadde. Barnedåp svarte til den situasjonen med tanke kyrkjemedlemskap. Alle barn vart døypte og var med det medlemmar av kyrkja, anten denne var katolsk, luthersk eller reformert.

Etter kvart vaks det fram ein tanke om frikyrkje, altså at det var skilnad mellom folkelekamen og kyrkja. Alle vart fødde som borgarar i samfunnet, men det var ved eige val ein melde seg inn i kyrkja. Det la grunnlag for vaksendåp, fordi dåpen var teiknet på at ein høyrde kyrkja til. Ein vart ved personleg tru døypt inn i kyrkja. Eit baptistiske dåpssyn, som pinsevennene står for, heng altså saman med eit bestemt kyrkjesyn.

Vi lever i ei økumenisk tid der ein tonar ned forskjellande mellom ulike kyrkjesamfunn. Det har mykje positivt med seg, men det kan få den negative bieffekten at ein også tonar ned lærespørsmål. Det kan få uheldige konsekvensar på ulike område, og med tanke på haldninga til lærespørsmål generelt. Dette gjeld kanskje særleg dåpsspørsmålet, som har vore sentralt med tanke på defineringa av ulike kyrkjesamfunn.

For litt sidan skreiv MF-professor Harald Heggstad ei teologisk fagbok om dåpen. Her tilla han dåpen svært stor vekt i kristentrua, men han la også stor vekt på dei økumeniske sidene ved dåpsspørsmålet. Dette gjorde at sjølve dåpslæra vart diffus. Ved å løfta dåpen opp på ein økumenisk måte, vart den spesifikke dåpslæra tilsvarande tont ned.

Det same kan vert resultatet av pinserørsla sin nye praksis. Ved at ein aksepterer barnedåp som grunnlag for medlemskap, må ein anten akseptera det som sann dåp, eller så må ein seia at dåp ikkje er nødvendig for å vera medlem i ei kristen kyrkje. Begge delar vil vera ei endring av det pinserørsla har stått for i dåpssynet, så langt eg kan sjå. Det er ei økumenisk haldning som nedtonar dåpen og dåpslæra – same kva teologiske posisjon ein ser det frå. Frå ein luthersk ståstad er dette enklare ut frå at Bibelen lærer ein dåp. Anten ein er døypt som barn eller vaksen, er dåpen den same.

I bedehussamanheng bør ein tenkja gjennom samanheng mellom dåp og medlemskap på nytt. Her har ein basert seg på at «alle» er døypte i Den norske kyrkja, og med det har ein berre operert med personleg tru som vilkår for medlemskap i misjonsforeiningar og i arbeidet på bedehuset. Når ein no byggjer sjølvstendige forsamlingar og stadig fleire ikkje er medlemmar av Den norske kyrkja, må ein også stilla krav om dåp for å vera medlem.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock