FRI – forførande åndsmakt

«Uten noe informasjon til foresatte. Uten å si noe til elevene. Uten å fortelle hvorfor. Uten å fortelle sannheten. Uten å si noe om konsekvensene. Uten å forklare ideologien. Uten å bry seg om empirien. Uten å bry seg om at barns liv blir vesentlig dårligere, og i mange tilfeller ødelagt. Uten å vite skal uvitenheten feires.»

Slik skriv Jogeir Lianes i eit innlegg på Facebook. Kva er det alle desse «uten» viser til? Jo, at regnbogeflagget vert heist ved norske skular i samband skuleavslutninga, og med det at foreininga FRI sin idelogi vert feira som noko sjølvsagt i skulen og i samfunnet. Det skjer altså overfor norske barn, anten foreldra veit det og vil det, eller ikkje. Lianes tok barna ut av skulen og underviste dei grundig om kva FRI står for, og kva denne ideologien fører med seg. Det er ein totalt oppløysande ideologi med tanke kjønn, seksualitet, samliv, ekteskap og familie. Skaparordning og biologi vert erstatta av sosial konstruksjon og kjensler. Det skjer ei snikinnføring av denne ideologien i skulen og med det ei indoktrinering av barna. Dette må foreldre vakna for – særleg kristne foreldre.

Det er som Lianes skriv vidare: «Ingen skal derimot forstå hva som feires og hvorfor, man skal bare sakte, men sikkert indoktrinere barn til å synes regnbueflagget står for gode ting. Det er kanskje ikke tilfeldig at det heises i forbindelse med skoleavslutning, sommer, sol og fri. Men fri til å tenke skikkelig rundt dette er ikke barna satt i stand til. Kritisk fri tenkning, få saker godt opplyst, få alle vinklinger slik at man kan ta opplyste valg, burde være idealet for skole og samfunn. Nå er empiri, logikk og sunn fornuft uglesett med en gang den «rette» minoritet om aldri så liten skulle føle seg krenket.»

Det er ei merkeleg sak at ein ny og liten organisasjon som FRI, med ca 3.300 medlemmar, har fått den posisjonen han har fått på kort tid. Dei aller fleste homofile er ikkje medlemmar i organisasjonen, men han framstår som heile det norske folket sitt talsorgan. Den som ikkje vil la denne organisasjonen sleppa til med bodskapen sin, må rekna med å verta uglesett og plassert i den mørkaste av alle båsar. Politikarar som ikkje vil gå i Pride, vert framstilte som intolerante og menneskefiendtlege. Det rår ei diktatorisk haldning på dette området, og norsk lovmakt, pengemakt og skulemakt vert brukt til å fremja den nye ideologien og undertrykkja den klassisk kristne oppfatninga.

Det finst inga fornuftig forklaring på at det er slik. Det er irrasjonelt at ei så marginal gruppe får så dominerande innverknad i samfunnet. Det er også i strid med vår 1000-årige kultur. Folket har heller ikkje drøfta det ved val og røyste for dette. Så vidt eg kan forstå, er det berre ei forklaring på situasjonen: Det dreier seg om forførande åndsmakt.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock