Coronaviruset og kristen tru

Har coronaviruset noko med kristen tru å gjera? Både ja og nei. Det finst ingen ting i den bibelske openberringa som går konkret på dette viruset eller på andre spesifikke sjukdomar, sjølv om ulike sjukdomar er omtalte i Bibelen. Vi kan difor ikkje seia noko spesielt om coronaviruset eller det at det spreier seg raskt. Det kan derimot vera grunn til å reflektera litt generelt og prinsipielt ut frå kristen tenking med utgangspunkt i det som media no er fulle av.

Det første ein kan gjera seg tankar om, er det voldsomme søkjelyset som er på denne sjukdomen, særleg samanlikna med mykje anna sjukdom og liding i verda. Det er klart at styresmakter må ta slike epidemiar på alvor. Ein del av oss synest nok likevel det vert dramatisert unødig mykje, og at det vert brukt svært mykje ressursar på saka. Det må gå ut over noko anna. Ein sit også med ein litt flau smak i munnen over at det i media og hjå styresmakter skyt voldsom fart når nordmenn er ramma, sjølv om vi lever i eit land som har dei beste føresetnader til å takla slike situasjonar. Det er mange som er sjuke, eller som lid i krig og flyktningeleirar rundt omkring, som får lite merksemd og hjelp. Her er dødstala langt høgare enn for coronaviruset.

Det andre er at sjukdom og liding kom ved syndefallet, og til meir folk vender Gud ryggen, til meir må vi rekna med at konsekvensane av syndefallet breier om seg. Katastrofer av ulike slag vil med det fungera som Guds dom over syndefallets jord, og det skulle med det også vera eit kall til omvending. Slik tenkte heile kristenfolket då krigen ramma oss i 1940. Vi kan ikkje tala konkret om dette, fordi Bibelen ikkje gjer det, men vi kan læra av den bibelske historia. Eg les for tida ei boka av Peter Halldorf om den bibelske profetien og særleg om profeten Jeremia, «Fuglene synger ikke lenger». Der er han svært oppteken med at der folk vender seg mot Gud, avviser Guds vilje og ikkje tek vare på skaparverket, der vender skaparverket seg imot mennesket. Det er uttrykk for Guds dom og Guds tukt til omvending.

Dette er det viktig å halda fast på, men vi må ikkje gjera som Jobs venner å tolka personleg liding som uttrykk for straff for personleg synd. Det ligg til den skjulte Gud korleis han handlar på det individuelle planet med folk. Her gjeld også at for den som elskar Gud, skal alle ting medverka til det gode.

Det tredje vi vil understreka, er at vi ikkje kan «kjøpa» oss bort frå sjukdom og liding. På det personlege planet ligg det i Guds hand, han som har både den gode og den vonde dagen i handa si. Generelt kan vi verka til det gode ved å forkynna Guds ord og innretta oss etter Guds vilje, men vi kan ikkje ut frå det føreskriva Guds handlemåte inn i livet vårt. Når ein predikant på Visjon Norge gjev lovnader om at Gud vil beskytta barna om vi gjev ei bestemt gåve tv-stasjonen, er det reinhekla svermeri. Vi kan, heldigvis, ikkje manipulera Gud på den måten. Det finst ikkje noko bibelsk grunnlag for ein slik tenkjemåte. Det vi derimot kan gjera, er gjennom Ordet og bøna å leggja oss sjølve, barna våre og folk og land i Guds hand – i denne saka som i alle saker.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock