Å ta alt i beste meining

I Martin Luthers forklaring til dei ti boda i Den vesle katekisma er det to element som går at i alle dei ni siste boda. Det først og grunnleggande er at Luther grunngjev og forklarar alle boda ut frå det første bodet. Forklaringa til dei øvrige boda byrjar med: «Du skal elska og frykta Gud, så …»

Kristen etikk har med det ankerfeste i det første bodet. Det at du ikkje skal ha andre gudar enn Israels Gud, betyr at det er han åleine du skal elska og frykta. Dette forholdet til den sanne Gud får etiske og praktiske konsekvenser. I forlenginga av oppfylllinga av det første bodet lyder det eit «så», det har altså ein konsekvens. Du skal tru på Gud på den måten at du ikkje misbrukar Guds namn, at du held kviledagen heilag, at du ærar far din og mor di – slik er det for alle boda.

Det andre elementet i forklaringa til boda, er at Luther ikkje berre seier kva du ikkje skal gjera ut frå bodets ord om at «du skal ikkje», men han seier også kva dette positivt betyr. Det er ikkje berre slik at du skal la vera å gjera noko, men det er også noko du skal gjera. Du skal til dømes ikkje stela noko som helst, men du skal arbeida slik at du har noko å gje til andre.

Det sjuande bodet seier at du ikkje skal lyga. Den positive sida ved det er at «du skal ta alt i beste meining». På den måten fryktar og elskar du Gud. Generelt er det nok slik at den mest utfordrande sida i Luthers forklaring til boda, er det bodet pålegg deg å gjera.

Det å ta alt i beste meining, er svært krevjande og utfordrande i mange samanhengar. Diverre er det slik at dei fleste av oss er nokså retthaverske. Vi vil gjerne framstilla oss sjølve og våre meiningar på beste måten, og då gjerne slik at andre og deira oppfatningar kjem i eit dårlegare lys. Då kolliderer vi med Luthers forklaring, som altså er del av den lutherske vedkjenninga.

Det å ta alt i beste meining kan vera vanskeleg på det reint personlege planet, i alt frå møte med folk som vi har eit anstrengt for til, via venner til familie. Oppstår det konfliktar og usemje, vil ein lett tolka det meste i verste meining, og ein vrir og vrengjer på ord, uttrykk og setningar, og tviheld på at eins eiga oppfatninga av desse er rette, sjølv om dei som har uttrykt dei, har ei anna oppfatning. Til tider set vi opp stråmenn som vi argumenterer mot, altså at vi har laga vår eiga oppfatning av motparten, og då ei falsk eller karikert oppfatning.

I offentlege debattar er det svært vanleg å gjera det motsette av det Luther lærer oss. Det vert meir futt i debatten då, enn om vi prøver å ta det den andre seier i beste meining. Derimot vert det mykje meir konstruktivt og byggjande om ein fylgjer forklaringa si oppfordring. Eg har skrive ein god del artiklar og debattinnlegg opp gjennom åra, og eg veit kor vanskeleg dette er å praktisera. Eg veit også kor oppgitt eg vert når andre ikkje praktiserer det overfor meg. Det er mogleg å vera både sakleg og kritisk om ein fylgjer Luthers forklaring. Om ein leitar etter feil og overdriv det kritiske, kan ein vera skarp og festleg, men ikkje sakleg og konstruktiv.

Det å ta alt i beste meining, gjeld også overfor organisasjonar og institusjonar, ikkje minst kristne. Det er lett å sjå feil og manglar i ulike arbeidslag, og gjerne forstørra og overtolka desse, framfor å ha ei velvillig og positiv haldning. Ein treng ikkje verta servil eller overdriven hyggeleg av den grunn, men at ein legg vinn på å ta alt i beste meining. I den seinare tida har det vore skrive ein del om Misjon Sarepta, som eg ikkje synest vitnar om at ein praktiserer forklaringa til det sjuande bodet. Då har eg måtta tenkja med meg sjølv: Korleis oppfattar og omtalar du andre personar og ulike kristne arbeidslag? Praktiserer du oppfordringa til å ta alt i beste meining, også der du er usamd med andre personar og kristne arbeidslag? Praktiserer du det første bodet rett?

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock