Kristne skular og offentleg press

Vi har hatt ulike typar kristne friskular her i landet i over hundre år, og verdigrunnlaget for desse har aldri vore oppfatta som eit problem for samfunnet, før dei siste tiåra. No synest det å vera eit akutt problem. Det har ført desse skulane inn i ein utfordrande situasjon som krev mot og visdom, og med det påkallar det kristenfolket si omsorg og forbøn.

Det kan vera grunn til å minna om at det ikkje er berre friskular som har vore kristne her i landet. Den offentlege skulen starta på 1730-talet som ein kristen skule – ja, ein skule på pietistisk grunnlag. Heilt fram til 1969 var skulen i stor grad definert av kristendomsfaget, som var konfesjonelt og forstått som kyrkja si dåpsopplæring. Alt i skulekvardagen var styrt og prega av det. Faktisk vart også universitetet forstått som ein kristen institusjon til fram mot 1900. Lærarutdanninga var kristent orientert fram til siste verdskrigen, og det var sterkt medverkande til lærarane sin kamp på nazismen.

Det var altså den kristent orienterte kunnskapen som utvikla og bygde landet vårt i generasjonar, og gjorde landet til eit av dei fremste i verda. Det som bygde landet, og som hindra ein destruktiv ideologi til å få makta i landet, vert no sett på som eit stort problem. Det er ikkje berre slik at dette ikkje skal ha formande makt i den offentlege skulen, men heller ikkje kristne friskular bør få driva fritt. Det er ei antiliberal og diktatorisk makt som er i sving.

For 20-30 år sidan vart dei kristne skulane bedne om å presisera verdigrunnlaget sitt og visa kva som var det spesielle for læreplanane samanlikna med den offentlege skulen. Dei kristne skulane måtte dokumentera det kristne særpreget sitt for å få offentleg støtte. Den gongen vart det gjort eit grundig ideologisk arbeid i mange skular, og dette har ein bygd på og utvikla seinare. Det vart særleg lagt vekt på at lærarar og andre tilsette måtte stå for og fremja det kristne grunnlaget og den kristne målsetjinga for skulen – i det minste måtte dei vera lojale. Det vart utarbeidde verdidokument som tilsette ved kristne skular måtte forplikta seg på.

I årevis har dette fungert utan problem, men no vert den eine kristne skulen – og andre kristne institusjonar – etter den andre angripen for verdidokumentet sitt, og til tider vert dette overtolka. Synsarar av ulike slag engasjerer seg mot kristne skular sitt verdigrunnlag, og politikarar frå ulike parti, særleg frå venstresida, krev at skulane må endra tilsetjingskrava eller så må dei missa statsstøtta. Det er eit krav som kolliderer med menneskerettane, særlegt trusfridomen. Det merkelege er at menneskerettane ellers vert løfta fram som det store i tida.

Det er viktig at eigarane av kristne skular og barnehagar står fast i denne saka, om det er aldri så upopulært – ja, om det så skulle føra til sivil ulydnad og rettsaker. Om styresmakta stiller ideologiske krav til kristne skular, er det krav om den gamle keisardyrkinga som stig fram. Det er eit diktatorisk og tyrannisk krav, og kristent sett er det av antikristeleg karakter.

Her få ein gjer som Daniel når han møtte krav om keisartilbeding. Han bøygde seg ikkje for det, men han gjorde «nett som han hadde gjort før» (Dan.6.11). Johannes Kleppa   

Bilde: Adobestock