Misjon Sarepta – styringsstruktur og demokrati

I samband med at Norges Samemisjon og Misjon Sarepta har inngått intensjonsavtale for samanslåing av organisasjonane, har det kome (til dels sterk) kritikk av Sareptas organisasjons- og styringsstruktur. Denne er ikkje demokratisk, vert det sagt, og det vert brukt som argument mot samanslåing.

Denne situasjonen gir grunn til nokre refleksjonar rundt det med struktur og demokrati i kristent arbeid, og til å forklara Sarepta sin modell, og kvifor denne er vald. På dette punktet er det fullt mogleg å ha ulike oppfatningar av kva som er best tenleg, og det høyrer naturleg med som eit punkt til vurderinga med tanke på samanslåing. Derimot må ein vera varsam med å gjera denne problemstillinga til eit bibelsk spørsmål.

Saka er den at Bibelen uttalar seg ikkje som organisasjonsspørsmål eller styringsmodellar. Det er ordningsspørsmål av menneskeleg karakter med utgangspunkt visse bibelske prinsipp, særleg det allmenne prestedømet, nådegåvene og tenestedeling mellom mann og kvinne. Det skal vera ei teneste med å forkynna Guds ord, eit åndelege leiarskap og nådegåvene skal få fungera fritt. Korleis dette skal ordnast praktisk, er ei menneskeleg sak ut frå kva ein finn mest tenleg for det aktuelle arbeidet. Demokratiske prinsipp er ikkje bibelsk definerte, men dei kan danna gode ordningar.

Ser vi historisk og globalt på saka, finn vi mange og ulike organisasjonsmodellar og styringsstrukturar, både for kyrkjesamfunn, kristne institusjonar, organisasjonar og arbeidslag. Slik er det også her i landet. Nokre er organiserte som foreiningar, andre som stiftingar eller som aksjeselskap. Organisasjonstypane er også svært ulike, og vi har ulike typar nettverk.

På 1800-talet vart det skipa ei rekkje organisasjonar her i landet under det som vert kalla «assosiasjonsånda», som hadde foreininga som grunncelle. Det var alt frå skyttarlag, via idrettslag, sosiale tiltak, laug og arbeidarforeiningar til misjonsorganisasjonar. Ville ein fremja ei sak, danna ein foreiningar. Organisasjonsforma var den same for alle, og sprang fram av samfunnet, ikkje Bibelen. Dei demokratisk styrte kristne organisasjonane vi fekk på denne måten, har vore til stor velsigning for misjonsarbeidet og landet vårt.

Vi har lett for å tru at kristne organisasjonar er den «bibelske» ordninga, men slik er det ikkje. Det er ei av mange ordningar. I Noreg – og dels i Norden – er organisasjonsmodellen nokså sterk, men slik er det ikkje over alt. Ofte er det kyrkjesamfunn som dominerer, men mange stader er det også frivillige og lekmannsdominerte arbeidsgreiner (tverrstrukturar), fundasjonar og nettverk.

Den siste generasjonen er det knapt starta kristne organisasjonar av den «gamle» typen. Det ligg i tida med organisasjonsmodellar av enklare type. Som døme kan vi nemna Ungdom i Oppdrag, KRIK, Åpne Dører, Stefanusstiftelsen, Lekmannsmisjonen – og Sarepta. Det er ein tendens til at organisasjonar av den gamle typen slit, medan nyare organisajonstypar har vind i segla. Organisasjons- og styringsstrukturen er likevel ikkje det avgjerande, men kallet og arbeidet.

For Misjon Sarepta sin del har vi vald ein så enkel, effektiv og billig organisasjonsmodell som mogleg. Det var naturleg når ein starta arbeidet ut frå ingen ting. Skulle det visa seg på eit seinare tidspunkt at den valde modellen bør endrast, kan Landsmøtet gjera det. Strukturen er ikkje demokratisk i tradisjonell forstand med foreiningar og valde utsendingar til årsmøte og generalforsamlingar. Modellen er likevel open, og har tydelege demokratiske element.

Pillarane i strukturen er støttemedlemmar, Landsmøte og styre. Styret er sjølvsupplerande for fire styremedlemmar og ein varamedlem, medan støttemedlemmane vel ein styremedlem og ein varamedlem på Landsmøtet. For alle styremedlemmane er periodane tre år. Eit viktig element er at HEILE styret står ansvarleg overfor Landsmøtet ved at dette godkjenner rekneskap og årsmelding, og gjer vedtektsendringar og drøfter arbeidet. Ved at det er eitt styret for heile organisasjonen, er vegen kort for misjonsfolk og tilsette til styret, og det opplevest som eit demokratisk gode. Styret har dessutan så langt arbeidd etter konsensusmodellen, der alle bidreg og styret samlar seg om vedtak utan avstemming – også dette er eit demokratisk element.

Alt misjonsarbeid er avhengig av tillit mellom misjonsfolket og styret/leiinga, og i Sarepta sin modell er dette særleg framtredande. Dette er eit viktig demokratisk element som føreset opne forhold. Dei som har tillit til styret og arbeidet, støttar dette ved forbøn, gåver og teneste. Arbeidet når så langt som støttespelarane er med.

Johannes Kleppa

Bilde: Tatt bilde av Vårt Land sin nettside og deres oppslag vedr. styringsstruktur i Misjon Sarepta….en styringsstruktur som Øyvind Fonn er kritisk til.