Bibelen – er klar og har ei lære

Det er mange element i bibelsynet, men det er to viktige prinsipp som ofte ikkje får den plassen dei skal ha, og dei to prinsippa heng tett saman. Det er prinsippet om at Bibelen er klar og prinsippet om at Bibelen i alle lærespørsmål har ei lære. Dette var avgjerande for Martin Luther og det som skjedde i reformasjonen. Det er dette som ligg til grunn for det reformatoriske skriftprinsippet, Skrifta åleine. Det var avgjerande i oppgjeret med katolsk lære og praksis.

På reformasjonstida var det semje om at Bibelen er Guds ord, at Bibelen er fullt påliteleg og har absolutt autoritet. Spørsmålet var om Bibelen kunne stå åleine, og om kvar og ein kunne lesa han og finna ut kva Guds ord lærer. Til det sa reformatorane ja, medan pavens folk hadde eit atterhald. Dei hevda at det var ein apostolisk tradisjon på sida av Bibelen, og denne var nødvendig for at vi skulle finna fram til rett kristen lære, tru og praksis. Det vart etter kvart nedfelt som katolsk lære at tradisjonen skulle ærast med same pietet som Skrifta, og at paven hadde det endelege ordet når det gjaldt kristen lære og praksis.

I ein artikkel i FBBs 100-årsskrift om det lutherske skriftprinsippet understrekar professor Knut Alfsvåg at hovudsaka med prinsippet om Skrifta åleine for Luther var at «det er Guds ord slik det er gjengitt i Bibelen, som skaper verdens og de troendes virkelighet». Det dreier seg altså ikkje berre om eit teoretisk læreprinsipp, men det har med innhaldet i trua å gjera. Den kritiske brodden i Skrifta åleine var for reformatorane retta mot den katolske tanken om samvirke mellom Gud og menneske i frelsesspørsmålet. Denne oppfatninga kunne ikkje lesast ut av Skrifta. Det er viktig å vera klar over denne organiske samanhengen mellom innhaldet i trua og læra, og at det heng saman med at Skrifta er klar og har ei lære.

Dette betyr ikkje at det alltid er lett å finna ut kva Guds ord lærer, eller at vår bibeltolking alltid er rett. Det er eit faktum at kristne tolkar delar av Skrifta ulikt. Det kjem tydeleg til uttrykk i konfesjonelle lærespørsmål som ligg til grunn for ulike kyrkjesamfunn. Poenget er at dette problemet ikkje ligg i Skrifta, men i oss menneske. Det er ikkje Skrifta som er uklar eller har fleire lærer om same saka, men det er vi som er avgrensa og som tolkar feil.

Dei seinare åra har eg fleire gonger vorte uroleg når eg har lese debattar og sett på argument som vert framførde av kristne som vil vera bibeltru, og som legg til grunn at Skrifta er påliteleg og har absolutt autoritet. Til tider vert det framførde problematiseringsargument i høve til kva Bibelen seier, på ein slik måte at prinsippet om at Bibelen er klar og har ei lære, vert undergraven. Det at ein tolkar ulikt, vert forklart med at det ikkje er råd å finna ut sikkert kva Bibelen lærer, altså at Bibelen er klar.

Andre gonger vert det argumentert med at kristne har ulike oppfatningar av ei sak. Dette gjeld ikkje minst i spørsmålet om tenestedeling, og det som gjeld skilsmisse og attgifte. Ulike syn vert då framstilte som at det ut frå Guds ord kan lærast ulikt om same saka, altså at Skrifta ikkje har ei lære. Då vert også Skrifta sin autoritet undergraven.

Vi bør altså tenkja over kva type argumentasjon vi brukar i åndelege spørsmål, slik at vi ikkje kjem i skade for å problematisera at Skrifta er klar og har ei lære, og med det undergrev Guds ords autoritet.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock