Med misjon i fokus

Misjon Sarepta start år 2020 med misjonskonferanse på Centro Sarepta. Det er ein viktig konferanse med spennande og sentrale tema. Det er ein konferanse med stor breidde når det gjeld talarar og deltakarar, også geografisk sett. Det er å vona at det at året startar med ein misjonskonferanse, vert meir enn eit symbolsk uttrykk for 2020. Det er å vona at det er eit signal om enda sterkare misjonssatsing i det nye året, og i åra som måtte liggja framom.

Ved Centro Sarepta brukar vi starta dagen med ei fellessamling før vi går til undervisning på norsk og spansk. Denne samlinga går på norsk-spansk-dansk, der noko vert tolka og anna ikkje. Det er sang og bønn, og det vert lese ein andakt av dansken Hans Erik Nissen både på norsk og spansk. Nissen startar året i andaktsboka «Ett er nødvendig» med Paulus sitt ønskje og si bøn for sine landsmenn: «Brødre, mitt hjertes ønske og min bønn til Gud for dem er at de må bli frelst.» (Rom 10.1)

Nissen gjer det til eit motto for det nye året, at vi må leva slik at vi sjølve eig del i frelsa og slik at fleire får del i denne.  Om ein kan kalla det eit nyttårsønske, må det vera å eiga misjonssinn, ei haldning og eit liv som er prega av at folk må verta frelste. Det må gjelda på det personlege planet og som misjonsorganisasjon. Året må verta eit frelsesår for flest mogleg. Fortapinga er ein frykteleg realitet, og ho er uuthaldande å tenkja på.

Det er mange ting som fangar interessa vår, og det er mange ting som tida skal brukast til. Det same gjeld pengane våre. Måtte det overordna perspektivet for det som engasjerer oss, for tida vår og for pengane våre, vera misjon – at alt må stå i teneste for at folk må verta frelste.

Godt nytt misjonsår – godt frelsesår!

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock