Frå himmelen til Golgata

Vi forkynner mest om det som skjedde i påskehelga, om Jesu liding og død på Golgata. Det er også rett, fordi her skjedde soninga for synd, og frelsesverket vart fullført. Saka er likevel den, at det som skjedde på krossen, var avhengig av den personen som hang der. Det var på grunn av kven han var, at det vart til frelse. Det var to andre som også vart krossfeste den dagen Jesus vart nagla til krossen. Om det hadde vore berre dei to, ville det ikkje vore til frelse. Dei trong derimot den forsoninga som han mellom dei framskaffa med sin død.

Jesu død skjedde i den jødiske påskehøgtida, og kristen påske vart feira frå dag ein. Det same gjaldt pinse, som også var knytt til ei jødisk høgtid. Ein kunne altså tidfesta desse hendingane heilt nøyaktig. Slik var det ikkje med julehelga. Jesu fødsel skjedde ikkje ved ei jødisk høgtid, og tidspunktet er berre fastsett til ei folketelling som gjekk over fleire år. Det var altså ikkje noko å knytta til då Jesus vart fødd. Det som skjedde, var radikalt nytt. Det gjekk då også ca 300 år før ein byrja å feira jul i kyrkja, og ein la Jesu fødsel til då sola snudde. Det var eit symbolsk uttrykk for at det ved at Gud kom til jorda, gjekk det frå mørke til lys. Heile verdshistoria vart ny og omsnudd ved Jesu fødsel, ved Guds kome til jord i skapnad av eit menneske.

Det går stadig meir opp for meg kor viktig læra om den treeinige Gud er, og med det kor avgjerande det er at Jesus er sann Gud og sant menneske. Det som skjer i julehelga, er fundamentet for alt anna i den kristne trua, og det er særmerkt for kristendommen. Gud kjem til jorda og tek bustad i eit menneske. I teologien vert dette kalla inkarnasjonen.

Rett nok har eg til tider reagert på det sterke fokuset på inkarnasjonen i delar av fagteologien, fordi ein ikkje dreg linene til påskehendinga tydeleg og sterkt nok. Det vert gjerne eit fokus på at Gud ved inkarnasjonen stadfestar skaparverket, gjer seg eitt med oss menneske og lid med oss. Alt dette er sant og viktig, men det vert ikkje til frelse om ein stansar der. Då vert det heile noko dennesidig, noko som høyrer til på skaparplanet. Sjølve evangeliet er at Gud vart menneske for å gå inn under synda vår, bera denne opp på krossen og sona henne på Golgata. Då får det ævefunksjon.

I ein profeti som Hebrearbrevet attgjev, seier Jesus at Gud av han ikkje ville ha offer og gåver av den typen jødane hadde bore fram, men Gud gav Sonen sin ein lekam, og ved denne vart synda sona og mennesket helga (Hebr. 10.5-14).

For mennesket sin forstand er det ufatteleg at Gud kunne verta menneske, og enda meir ufatteleg at Jesus kunne vera Gud og mann samstundes – og begge delar fullt og heilt. Det er likevel dette som er grunnlaget for vår frelse – og det er mogleg å ta imot det og halda fast på det i tru! Det er stor grunn til å feira inkarnasjonen!

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock