Eit middel for nåden

«Prekenen skal være et middel for nåden,» skriv biskop Halvor Nordhaug i ein lesverdig artikkel om forkynninga i Luthersk Kirketidende nr. 20/19. Han siterer ein svensk teolog som samanfattar Luthers forståing av forkynninga som «att erbjuda førlåtelsen och egga til tro».

Ved å knytta preika til å vera eit middel for nåden, definerer ein Ordet og forkynninga som nådemiddel. Det er ei viktig plassering av preika. Ja, det er sjølve hovudsaka ved forkynning, og det viser samstundes at forkynninga er hovudsaka i kristent forsamlingsarbeid og i misjonsarbeidet. Det er her folk får seg tilbydd syndstilgjevinga, slik at trua skapest i hjarta og ein får eiga tilgjeving for synda for Kristi skuld.

Når ein seier at preika er eit middel for nåden, er det avgjerande viktig at ein forstår nåden rett. Dersom ein har ei feil oppfatning av kva nåden er, vil ein definisjon som i sin ordlyd er rett, få katastrofale praktiske konsekvensar. Då vil forkynninga føra vill, i staden for å setja fri. Konfesjonelt er det ulike oppfatningar av nåden, særleg mellom katolsk og evangelisk teologi. Medan katolsk lære primært forstår nåden som ei kraft som gjer trua verksam i kjærleik, forstår luthersk lære nåde som Guds velvillige sinnelag overfor oss i Kristus Jesus, og den gåva som Jesus og hans frelse er til oss.

Det vil alltid vera ein fare for og ei freisting til å forkynna nåde som kraft, men i vår tid er den største faren og freistinga omtrent det motsette, at nåden vert forstått slik at synda ikkje vert teken på alvor. Dagens liberale teologi har laga seg ei lære om evangeliet der dette er skilt frå lova. Då gjer ein nåden gjeldande utan oppgjer med synda, og i strid med Guds ord. Dette kjem tydeleg til uttrykk i spørsmålet om homofilt samliv og frelse.

Her vert nåden forkynt som om lova ikkje seier noko om saka, eller som om det lova seier, ikkje betyr noko for evangeliet. Det vert forkynt frelse, som om Guds lov ikkje sa at den som lever i eit homoseksuelt forhold eller innrettar livet i anna synd, ikkje skal arva Guds rike. Då brukar ein nåden til å oppheva lova eller som om lova ikkje eksisterte.

Nåden, bibelsk forstått, fungerer altså ikkje fritt i forhold til lova, som om nåden opphever lova og synda. Tvert imot er det slik at nåden står i eit absolutt og bunde forhold til synda og lova, slik at det er der lova skaper syndserkjenning og vedkjenning av synd, at nåden verkar til syndstilgjeving.

Apostelen Paulus gjer forholdet mellom nåden og evangeliet på den eine sida og synda og lova på den andre sida, klart i 1. Tim. 1,9-11. Her presiserer han at eit liv i synd, inkludert homoseksuelt samliv, er i strid med den sunne læra etter evangeliet. Forkynner ein frelse inn i eit forhold i synd, har ein forkynt ein falsk nåde.

Ja, det er absolutt sant, og det er vår einaste berging, at forkynninga er eit middel for nåden – for Guds sanne nåde, om det skal vera til frelse og nytt liv.

Johannes Kleppa

Bilde Adobe Stock