Strategi og teologi

Strategi og teologi heng i alt kristent arbeid saman, men samstundes er det forskjell på det. Teologien føreheld seg til openberringa i Guds ord, og skal gje uttrykk for sanninga. Teologien er med det i prinsippet absolutt, trass i at vi grunna vår avgrensa erkjenning ikkje maktar å finna fram til eller forma ut sanninga på fullkome vis. Strategi står i forlenginga av teologien, og er uttrykk for kva konsekvensar vi dreg av Bibelens lære i det kristne arbeidet, og korleis vi på beste måten kan fremja sanning i openberring i folket. I all strategi ligg det difor eit personleg skjønn, som gjer at denne ikkje er absolutt. Vi skal difor vera varsame med å la strategiske vurderingar binda samvitet, til forskjell frå teologi som utlegg sanninga i openberringa.

Denne typen spørsmål har dei siste tiåra gjort seg sterkt gjeldande med tanke på Den norske kyrkja (Dnk). Bibelforplikta kristne må avvisa den nye læra som ekteskap og samliv som er innført i og med den kjønnslikegyldige liturgien for ekteskap. Her er ein samvitsforplikta. Nokre har av det drege den slutninga at ein melder seg ut av Dnk fordi ein ikkje vil eller kan vera medlem av ei kyrkje med eit liberalt lærestandpunkt. Andre har orientert seg ut frå den lokale kyrkjelyden og tenkjer at så lenge ein har ein prest som lærer rett om ekteskapet, er det strategisk rett eller best å vera medlem og engasjera seg på lokalplanet. Det er vanskeleg å finna eintydig bibelsk argumentasjon på dette punktet, og ein må basera standpunktet sitt på åndeleg skjønn grunna på Guds ord og samvitet.

No har vi fått ein tilsvarande situasjon i KRIK. Organisasjonen har isolert sett gjort eit bibeltru vedtak om sjølve ekteskapet, at det er mellom mann og kvinne. Samstundes har organisasjonen gjort eit teologisk liberalt vedtak i leiarskapsspørsmålet, ved at ein kan bruk leiarar på leir som lever i sambuarskap eller homofilt samliv. Mange meiner dette er innbyrdes motstridande og umogleg å praktisera over tid, medan andre meiner det strategisk og/eller teologisk er eit godt og rett vedtak.

Før vedtaket vart gjort, var argumentasjonen for vedtaket i stor grad strategisk. Ein ville signalisera at alle var velkomne i KRIK-lag og på KRIK-leirar, og så kunne ein der få nå dei med Guds ord til frelse og kristent liv. Etter vedtaket var fatta, har ein i langt sterkare grad også forsvart det teologisk, særleg frå styreleiaren og generalsekretæren. Dette er svært problematisk. Vedtaket får då ein langt sterkare tyngde og får langt større sprengkraft i seg enn om det «berre» var strategisk tenkt.

Avisa Dagen hevda på leiarplass med rette at KRIK hadde gjort eit liberalteologisk vedtak, og at organisasjonen med det prinsipielt var teologisk liberal. Dette protesterer KRIK-leiinga energisk på (Dagen 11/11 -19). Det gjer dei ved å halda fram at «teologisk begrunnet uenighet i ekteskapssynet» ikkje skal diskvalifisera frå å vera frivillige leiarar på leir, fordi det viktigast er «å skape Jesus-fokuserte møteplasser». Med det har dei argumentert teologisk for at det ikkje er nokon samanheng mellom, og med det ikkje kan vera noko motsetnad mellom, Bibelens lære om ekteskapet og sann forkynning om Jesus. Det er liberalteologisk argumentasjon, ikkje strategisk.

Dei seier også at KRIK-fellesksapet «består av konservative, liberale og de mange mellom der» – og det er deira bønn at det framleis skal vera slik. Også dette er liberalteologisk argumentasjon, ikkje strategisk.

Denne typen argumentasjon gjer det mykje vanskelegare for bibelforplikta kristne å vera aktive i KRIK lokalt og for bibelforplikta organisasjonar å samarbeida med KRIK, enn om argumentasjonen for vedtaket var reint strategisk. Her legg KRIK-leiinga eit liberalteologisk premiss for organisasjonen og arbeidet.

Johannes Kleppa

Bilde: Klipp fra avisen Dagen