Når helseministeren vert teolog og forkynnar

Bent Høie er ein erfaren politikar, og eg har inntrykk av at han er ein dyktig helseminister. Han kan opptre offentleg, og han opptrer med autoritet. Han er ikkje lett å bryna seg på i helsepolitiske spørsmål. I det siste har han fleire gonger skifta ut helsehatten med homohatten. Då går han ut av og ut over rolla som helseminister og vert propagandist for ein bestemt ideologi og ein bestemt livsførsel. Han vert forkynnar.

Om Høie er dyktig som helsepolitikar, er han katastrofalt dårleg som teolog og forkynnar. Det kjem til til dramatisk uttrykk når han karakteriserer Andreas Håtveit sitt innspel i debatten om KRIKs spelereglar, som «livsfarleg», og viser til sjølvmordsstatistikken blant såkalla «skeive». Det Håtveit har sagt, byggjer på eit klassisk ekteskapssyn, på historisk sett felleskristen oppfatning av homoseksuelt samliv og på bibelforplikta oppfatning av frelsa. Høie prøver å isolera Håtveits utsegner frå den større teologiske samanhengen dei står i, og hevdar han ikkje har stempla Håtveits totale syn som livsfarleg. Det er ein retorikk som passar seg dårleg for ein mann i Høies posisjon.

Atten sentrale kristenleiarar, som utgjer ein stor breidde i Kristen-Noreg, har teke sterkt til motmæle mot Høie, og like sterkt til forsvar for Håtveit. Her vert det gjort tydeleg kva saka står om når det gjeld ekteskapsforståinga, og det fortener desse kristenleiarane stor takk for. Det er berre å slutta seg til det dei skriv.

I sitt svar til kristenleiarane argumenterer Høie med at også han er kristen, og med det har like stor rett til å definera kva som er god teologi på området. Med dette avslører Høie at han absolutt ikkje er teolog. Det at ein forstår seg sjølv som kristen, er eit totalt ugyldig argument for oss alle med tanke på kva som er rett og gal teologi. Det kan berre avgjerast ut frå kva Skrifta seier, og Høie har null tilvising til Skrifta. Når kristenleiarane viser til kva som har vore allmenn kristen oppfatning i ekteskapsspørsmålet, meiner Høie dei burde endra sin teologi!

Det å visa til at ein sjølv er kristen, er heller ingen garanti for frelse for nokon av oss. Det er kva Bibelen lærer om frelsa og kven som vert frelst, som er avgjerande. Som Høie lærer feil om ekteskapet og homofilt samliv, forkynner han feil om frelsa – sjølv om han ikkje nyttar det ordet. Han held nemleg ikkje det å vera kristen saman med det Bibelen seier om å leva homoseksuelt, at det set ein utafor Guds rike – som det å leva i andre synder også gjer.

Det Bent Høie påstår er livsfarleg i det Andreas Håtveit har sagt, er tvert imot uttrykk for kjærleik. Det fremjar eit godt liv her på jorda, og det fremjar Guds frelsesvilje for alle menneske. Det Høie derimot forkynner, vil over tid vera skadeleg for folk, og det er livsfarleg med tanke på frelsa.

Johannes Kleppa

Foto: Bjørn Stuedal (Hentet fra regjeringen.no)