Tankar frå læstadianismen i Nord-Sverige

Eg har nett lese ei lita, men opplysande bok om å «leva i den læstadianske vekkingsrørsla» i Nord-Sverige. Det var interessant, lærerik og oppbyggeleg lesnad. Boka er på svensk, men eg har omsett sitata til norsk. Forfattaren er Maj-Lis Palo, som døydde for nokre år sidan. Ho var aktiv i den læstadianske forsamlinga, og opplevde der å få godt rom som kvinne. Ho arbeidde i skulen, men ho var også politikar i mange år, både på kommunalt plan og i lagtinget (stortinget).

Framstillinga er svært reflektert, og ulike synspunkt og erfaringar vert sette i perspektiv. Boka er bygd opp slik at forfattaren svarar på ulike spørsmål knytt til læstadianismen og det å vera del av denne. Maj-Lis Palo vedkjenner seg fullt ut sin ståstad i den læstadianske vekkinga eller forsamlinga, men ho er samstundes open i forhold til kristne i andre samanhengar. Ho er forplikta på Bibelen som Guds ord, og ho ser det som ei positiv forplikting.

I ein kommentar til at læstadianarane er pietistiske og mykje opptekne med synd, har ho ein tankevekkande og utfordrande refleksjon:

«Kanskje er det ei av dei verkeleg sterke sidene i vår læstadianske vekking, at vi aldri forsøker å bortforklara, nedvurdera eller fornekta skulda, og ikkje heller skuldar henne på nokon anna, men at vi tvert imot erkjenner hennar realitet. Berre på den måten kan vi løfta henne dit der Gud har lova at vi får leggja/forlata henne: På krossen, i den krossfesta Frelsarens kropp.»

Dette er eit godt og presis uttrykk for lov og evangelium, for synd og nåde. Det er der synda vert teken på alvor, at også evangeliet får verka med kraft. Det er også eit presis uttrykk for trua og forsoninga, at som Gud la syndene våre på Jesus på krossen, får vi også gjera det til syndsforlating, rettferdiggjering og frelse.

Det er ikkje ved å nedtona synda at frelsa og gleda i Kristus veks, tvert imot. Det er ved å ta synda, skulda og syndefordervet på alvor, at Jesu frelsesverk stig fram i fullt lys. Då får vi sjå kva han leid for oss, og kva kjærleik han viste ved å sona for all vår synd. Då stig også den rette frelsesgleda og den rette takka fram. Det er også her utgangspunktet for og krafta i alt misjonsarbeid ligg.

Den kontakten eg har hatt, særleg med unge, frå læstadianske forsamlingar i Nord-Sverige har vore positiv. Sarepta har også litt kontakt i desse samanhengane, og det vil berre vera bra med meir. Det er ei vekkingsretning som tek Bibelen på alvor som Guds ord, og som orienterer seg ut frå ordet om krossen i kristendomsforståinga og i forkynninga.

Johannes Kleppa

Bilde: AdobeStock