Den liberale teologien – skulen og oppsedinga

Den liberale teologien trengde seg inn i landet vårt rundt år 1900, og skape mykje kamp og debatt. Det toppa seg i det såkalla Calmeyergatemøtet i 1919. Dette møtet mønstra det arbeidande kristenfolket i stor breidde. Det var eit kampmøte og eit fyrlys. Det viste kva den liberale teologien var og faren i denne – og det viste ein veg for å unngå å verta fanga i liberalteologiens snare.

I møtet vart det slått fast at kampen mot den liberale teologien måtte førast på to arenaer – kyrkja og skulen. Dette vart nokså likt vektlagt i møte ved at det var to føredrag som omhandla situasjonen i kyrkja og to som omhandla situasjonen i skulen. I resolusjonen frå møtet heiter det: «Vor avgjørende kamp mot den liberale teologi vil dog maatte føres i skolen.»

Sjølv om møtet slo fast at det viktigaste slaget stod i skulen, har det som vart sagt om kyrkja og at ein ikkje skulle ha frivillig samarbeid med liberale teologar, fått mest merksemd i ettertid. Det er dette som har vorte kalla «calmeyergatelina». Det er svært uheldig at fokuset på skulen ikkje vart så sterkt som det var tenkt.

Grunnen til at det viktigaste slaget om teologien stod i skulen, var at der gjekk alle borna. Det som vart lært der, vart det norske folket sin lærdom. På dette punktet var det ikkje noko val. Med tanke på kyrkja var det annleis. Her kunne ein velja nokså fritt, og langt frå alle gjekk i kyrkja. Dessutan stod dei kristne organisasjonane sterkt, og desse hadde hand om teologien og forkynninga sjølve.

Hovudslaget som teologien, altså korleis folk oppfatt kva som var kristendom, stod i skulen og ved oppsedinga av borna. Då måtte ein gjera det ein kunne for å få truande lærarar som stod for sann kristendom, ikkje liberal teologi. Der ein ikkje fekk slike lærarar, måtte foreldra få rett til å ta borna ut av religionsundervisninga og gje dei kristen opplæring sjølve. I tillegg måtte ein starta kristne skular på ulike nivå.

Denne strategien er minst like aktuell i dag, og engasjementet på dette området bør forsterkast radikalt. Liberalteologien i skulen er rett nok delvis av eit anna slag i dag enn for hundre år sidan, men det gjer ikkje saka betre – heller tvert imot. Det norske folket vert via skulen oppseda utan at kristendommen har nemnande han skulle ha sagt, og det som vert sagt, er i stor grad av liberal og bibelkritisk karakter.

Det er fortvilt at mange kristne foreldre ikkje innser den faktiske situasjonen i den norske skulen, og kva denne gjer med borna. Det gjer at dei ikkje gir borna den nødvendige hjelpa i heimen og i den kristne forsamlinga, og at dei ikkje nyttar seg av den hjelpa kristne friskular er, der slike finst.

Kristne foreldre må vakna før det er for seint for borna deira. Som kristenfolk må vi også vakna med tanke på dei norske borna generelt. Det som skjer i skulen er avgjerande viktig – og difor er kristne skular det mest strategiske vi kan driva med som kristenfolk.

Johannes Kleppa

Bilde AdobeStock