Lurt av læreboken?

Overskrifta på dagens Ettertanke er tittelen på ei bok, der hovudforfattaren er Bjørn Are Davidsen. Han har gått gjennom ei rekkje lærebøker i grunnskulen og i vidaregåande, for å sjå kva som vert skrive om kristen tru. Resultatet kjem fram i undertittelen: «Feil og forvirring om kristen tro i læremidlene».

Det er veldig bra at Davidsen har gjort dette arbeidet, men det er nedslåande å sjå korleis den faktiske situasjonen er. Davidsen har påvist reelle feil i lærebøker i ulike fag, men like påfallande er dei mange tendensiøse eller forvirrande påstandane om kristen tru, tenking, etikk og historie. Ein del er reine myter om kristentrua og den kristne historia. Fråværet av aktuelt kristent orientert stoff er også tydeleg. Det siste skaper ein ikkje-kunnskap om kristen tru, som får andre delar av historia og kulturen til å framstå med større tyngde enn det er grunn for.

Kombinasjonen av radikalt redusert kristendomskunnskap i KRLE-faget samanlikna med det tidlegare kristendomsfaget og feil eller mangelfull framstilling av kristen tru generelt i skulen, har store konsekvensar. Det skaper mangelfull og feilaktig oppfatning av kva kristen tru er. Det fører dei oppveksande generasjonane bort frå kristendommen, og det skaper store utfordringar for det kristne arbeidet og den kristne forkynninga. Det skaper trong for eit apologetisk arbeid med kort og godt å skaffa korrekt kunnskap.

Tidlegare undersøking av leksikon og andre oppslagsverk har påvist store manglar og feil også der, og det er ofte «fakta» i slike kjelder som forplantar seg til andre framstillingar, og det får mest negative konsekvensar i den grad det når inn i skulen. Dei problema vi her peikar på, er ein av grunnane til at vi treng kristne skular – og at det trengst eigne læremidlar til desse.

Når ein les historiske framstillingar, slår det ein ofte kor lite det er av kristent orientert stoff, eller kva kristendommen har hatt å seia for land og folk. Rett nok varierer dette noko, og ofte er det meir med i regionshistorier enn i nasjonale framstillingar. Forfattaren sin ståstad og sine kunnskapar spelar her ein avgjerande rolle. Ved at kristendommens posisjon og innverknad i samfunnet ikkje får sin rettkomne plass, vert det sekulær tenking som pregar framstillinga og som forklarer utviklinga i folk og kultur.

I allmenn historieskriving er det svært påfallande kor lite plass dei stor kristne vekkingane har fått, og kva ringverknadane av desse var. Det verkar som ein tenkjer at når ein har skrive noko om vekkinga ved Hans Nielsen Hauge og haugianismen, har ein fått med det som er å seia om kristen vekking i landet vårt. Sanninga er at dette er berre starten, og at dei største og mest gjennomgripande vekkingane kom etter Hauge og haugianismen si tid. Det burde vore gjort ei vitskapleg undersøking av fråværet av vekkingane i norsk historieskriving!

Johannes Kleppa

Bilde: AdobeStock