Det er torsdag 5. september. Unge og eldre samlast på Tinnesmoen Bedehus på Notodden. Vi har gleda av å invitere til Sareptamøte for 5. gong. Plakatane har hengt rundt omkring i byen i dagevis, men likevel er det stort sett den kjente forsamlinga som møter opp. Tidlegare har både Hans Bergane og Tom Eftevand gleda oss på Notodden med forkynnelse av Guds Ord, song og informasjon om Misjon Sarepta sitt arbeid. Denne gongen har vi gleda av å ønske Tor Andre Haddeland varmt velkommen for første gong. 29 åringen frå indre Agder kombinerer det å vere møbelsnekker med å vere omreisande predikant for Sarepta på deltid.
Med eit stort smil om munnen og gitaren i handa kom han inn på bedehuset denne torsdagskvelden. Kaker og kaffi var satt fram for å legge til rette for gode samtalar etter møtet. Og medan Tor Andre la fram Sareptanytt samla 15 stk seg i benkeradane.
Tor Andre forkynte med frimodigheit og stødigheit frå Romerbrevet kapittel 1, og oppfordra alle til å bruke meir tid på Golgata, meir tid med Jesus. Han mala for oss den frelsar som er grunnen til at han reiser rundt og brukar kveld og helg på å tale på møter. Og løfta fram evangeliet – den bestemte bodskapen om Jesus og frelsesverket. Og det var tydeleg at Tor Andre, som Paulus, på ingen måte skjemmes ved evangeliet.
For jeg skammer meg ikke ved evangeliet, for det er en Guds Kraft til frelse for hver den som tror, både for jøde først og så for greker. – Rom1:16
Tor Andre song både ein og to songar til stor begeistring for forsamlinga og fortalde om misjonsarbeidet til Misjon Sarepta både i Noreg og i Spania. Eg er sikker på at fleire med meg fekk lyst til å legge neste ferietur til Centro Sarepta nord for Alicante.
Oppsummeringsvis vil eg seie at det var ei stor glede å få besøk av Tor Andre Haddeland. Guds Ord fekk lyde klart og tydeleg, og møtet vart berika av både song, musikk og innblikk i kvardagen på Centro Sarepta. Vi vil med dette ønske Tor Andre hjarteleg velkommen tilbake til Notodden!
Andrine Kvamme Bergsland