Dei avgjerande spørsmåla i livet

Det er mange meir og mindre viktige spørsmål i livet, men det er nokre få spørsmål som er heilt avgjerande. Det er dei spørsmåla forkynninga skal reisa og gje svar på. Det dreier seg om spørsmål som dei fleste helst ikkje stiller, men som likevel ligg der. Forkynninga skal få folk til å reisa desse spørsmåla og verta opptekne med det rette svaret.

I ein artikkel i Dagen 26. august refererer professor Egil Morland frå ein konferanse han nyleg var på i Uppsala, der temaet var forkynning. Ei undersøking viser at for tilhøyrarane si mottaking av forkynninga betyr det meir at forkynnaren trur på det han forkynner, enn kva han forkynner. Det er eit viktig funn, som viser at det fører feil om forkynnaren berre preikar for å preika. Det betyr likevel ikkje at innhaldet i preika ikkje er viktig. Det er ikkje ved forkynnaren si tru folk vert frelste, men ved den sanne bibelske bodskapen om frelse i Jesu forsoningsverk.

For mange år sidan kom ein mann til meg etter eg hadde preika på eit bedehus, og sa at det var tydeleg at eg trudde på det eg forkynte. Eg vart litt overraska med det same, fordi eg tenkte at det var sjølvsagt. Slik oppfatta ikkje denne mannen det, og det har fylgt meg sidan. Skal vi nå fram med bodskapen, må tilhøyrarane merka at det betyr noko for oss sjølve det vi forkynner.

Det er altså viktig at forkynnaren trur på det han forkynner, og med det må forkynnaren også vera seg medviten kvifor han forkynner. Morland viser til den stor svenske teologen Gustav Wingren, som var mykje oppteken med forkynninga. Han var opponent då den liberale norske teologen Helge Hognestad forsvarte doktorgrada si, som var om forkynninga i urkyrkja – forøvrig ei uvanleg svak doktorgradsavhandling. Wingren meinte doktoranden ikkje hadde stilt det avgjerande spørsmålet: Kvifor forkynner vi? Treng vi i det heile forkynninga? Kva spørsmål er det kristen forkynning kan, skal og må svara på, og som ein ikkje finn svar på nokon annan stad?

Det er to slike spørsmål, sa Wingren: Kva gjer du med synda di? Og: Kva gjer du med døden din? Desse to spørsmåla, og berre desse, er grunnen til at vi forkynner. Det er berre i kristen forkynning ein kan gje klare og gyldige svar på desse spørsmåla. Dersom forkynnaren ikkje er i stand til det, er det betre han teier. Det meste av andre spørsmål kan ein finna svar på mange stader.

Spørsmåla om synd og død, er ikkje dei mest populære spørsmåla, og med det vik ein gjerne unna dei både på det personlege planet og i forkynninga. Sidan dei er dei aller viktigaste spørsmåla, er det likevel avgjerande at dei vert stilte – og då er det avgjerande at forkynnaren er si oppgåve medviten. Tilhøyraren må få hjelp til å stilla dei spørsmåla han helst vik unna, men som har betydning for livet og æva.

Johannes Kleppa

Bilde AdobeStock