Preikenekt – eit teikn i tida

Etter at tidlegare leiar i Ungdom i Oppdrag, Alv Magnus, heldt ei god bibelsk preike ved ei økumenisk gudsteneste i Tomb kirke, har biskopen i Borg, Atle Sommerfeldt, åtvara mot å bruka Magnus som forkynnar i bispedømet. I praksis betyr det at Alv Magnus er utestengd frå preikestolane i Borg bispedøme, og nok også mange andre stader i Den norske kyrkja.

Noko tilsvarande har truleg aldri hendt før i Den norske kyrkja. Kyrkjehistorisk er det altså eineståande, og det er i seg sjølv tankevekkande. Det har, som kjent, lydd nokså mykje forskjellig frå kyrkja sine preikestolar. Biskopen sin reaksjon skulle med det tyda på at Magnus var nokså langt ute på det teologiske jordet – og då på eit heilt anna jorde enn det Hans Nielsen Hauge var på i det same geografiske området.

Det kyrkjehistorisk sensasjonelle i saka, er likevel underordna i forhold til det åndelege alvoret som ligg i dette. Torsdag 15. august trykte Dagen preika Alv Magnus heldt, samt biskopen sitt brev til prostane i bispedømet og Magnus sin kommentar til det. Preika er ei god, aktuell og alvorleg utlegging av den aktuelle teksten for såmannssøndag – om såmannen, såkornet og jordsmonnet. Det er ei preike som eg sjølv kunne ha halde ord for ord, og i sak har eg også gjort det nokre gonger. Rett nok er eg ikkje sikker på at eg hadde hatt frimod til å tala slik frå preikestolen i Den norske kyrkja, diverre. Det ville i så fall ha vore svik og svikt frå mi side, og det er til ære for Alf Magnus at han gjorde det.

Sjølv etter kritikk og utestenging står Alf Magnus oppreist, og beklagar ingen ting i preika, men held fast på at det han har sagt, er i samsvar med Guds ord. Rett nok har han beklaga ein kommentar, utanom manuset, der han kritiserte biskopane sin siste abortuttale. Det er sympatisk og høfleg av Magnus, men heilt unødvendig. Biskopane har forkynt sitt syn offentleg, og då må det vera fullt legitimt å gjera det same for dei som har eit anna syn enn biskopane.

Det er tydeleg at biskopen i Borg reagerer særleg på den aktualiseringa Magnus gjer med tanke på synd og fortaping. Magnus gjer det sjølvsagt ikkje med namngjeving av personar eller persongrupper, men med den konkretiseringa Bibelen sjølv gjer på ein prinsipielt og generell måte. Dersom ein predikant ikkje kan gjera det, er det umogleg å forkynna konkret om synd, slik vi finn det i Bibelen. Dette dreier seg særleg om det Magnus seier om sambuarskap, den nye ekteskapsforståinga og homofilt samliv. Her forkynner Magnus alvoret i livets to utgangar og han kallar til omvending, men det vil ikkje biskopen ha noko av.

Det er sagt at det skal vera rom for to likeverdige syn i Den norske kyrkja på homofilt samliv og kjønnslikegyldig ekteskap, og at også det klassiske synet skal kunna lærast og forkynnast. Det inneber i så fall også at ein må kunna seia det Bibelen seier om fortapinga i denne samanhengen. Det har vorte stadig tydelegare at det i praksis er det liberale synet som har forkjørsrett, og slik sett er denne preikenektinga eit teikn i tida. Det Skrifta seier om ikkje å arva Guds rike, for dei som lever i synd, i dette tilfellet homofilt samliv, vil ikkje verta tolerert frå preikestolen i Den norske kyrkja. Diverre er det å frykta at dei andre biskopane er tause som østers i denne saka, ut frå fogdens prinsipp om at «også jeg gjør min plikt, men alltid innen mitt distrikt» (Ibsen).

Alf Magnes er ein respektert og erfaren forkynnar og misjonsleiar. No er han pensjonist. Det måtte vera viktig for biskopen i Borg å få statuert eit eksempel, når han utestengjer nett denne mannen. For min del seier eg Magnus takk, og bøyer meg i respekt.

Johannes Kleppa

Foto: AdobeStock