Forkynning og nådegåve til å forkynna

Skal forkynninga ha den funksjonen ho etter Guds ord skal ha, må dei som forkynner, ha nådegåve til å forkynna. Det er ulike forkynnarnådegåver, slik at all forkynning skjer ikkje i same forma. Det vil også vera noko ulikt siktemål etter kva nådegåve som er funksjon, til dømes evangelistgåva, lærargåva, profetgåva eller gåva til å formana.

Det er forskjell på å avleggja eit vitnemål og det å forkynna. Ein er ikkje automatisk ein god forkynnar om ein har eit godt vitnemål om Jesus. Det er også forskjell på å ha innsikt i Guds ord, og det å formidla denne innsikta gjennom forkynning. Dersom folk vert sette til forkynnaroppgåver utan å ha nådegåve til forkynning, vil det over tid verka åndeleg utarmande på forsamlinga. Rett nok kan folk tala på eit og anna møte ut frå vitnemålet sitt eller ut frå kunnskap i Guds ord, særleg når det gjeld kortare andaktar, men det kan ikkje vera berande i forkynninga.

No er det samstundes slik at nådegåvene ikkje er statiske, men dei utviklast og mognads. Ingen er ferdig forma som forkynnar frå første dag. Vi må difor la folk få prøva seg som forkynnarar, særleg unge, for å sjå om dei har ei gåve. Der ein meiner det er ei nådegåve, må denne få rom til å veksa og formast. Spede forkynnarspirer må ikkje brytast før dei har vakse til. På den andre sida må ikkje nokon stadig setjast til forkynnaroppgåver der det er tydeleg at nådegåva manglar. Vi må altså ikkje verta overivrige i den kritiske vurdering, men vi må heller ikkje verta overpositive berre nokon stiller seg fram på talarstolen.

Dei ulike forkynnarane vil ha sitt særpreg og si oppgåve ut frå nådegåva vedkomande har, og dei må setjast til forkynnaroppdrag ut frå kva gåve dei har. Forkynninga vil også få farge av forkynnaren sin personlegdom, innsikt i Guds ord, erfaring og generell kunnskap. Dette gjer at ein til ei viss grad vil nå inn til ulike typar menneske i forsamlinga på litt ulike måtar.

Forkynnaren må arbeid med å utvikla nådegåva si og måten denne fungerer på. Det gjeld aller mest ved bønn og studium av Guds ord, men også ved å arbeida med den pedagogiske sida ved forkynninga og å læra det folket ein skal forkynna til, å kjenna. Forkynnarar som ikkje arbeider på nådegåva si, vil stivna og tørka ut. Som forkynnaren vil verta åndeleg utarma, vil også forsamlinga verta det. Det vert for lite åndeleg mat å få.

I det siste har vi i Sarepta ofta sagt at vi vil utvida arbeidet i Norden, slik at vi får skapt enda fleire møteplassar mellom Guds ord og folk. Då treng vi fleire forkynnarar, både frivillige og tilsette. Det vert då avgjerande at vi får tak i eller får løyst ut forkynnarnådegåver. Forkynninga vil stå og falla med nådegåva og utviklinga av denne. Det er ei stor og viktig oppgåve å be fram forkynnarnådegåver og ei villig ånd hjå dei som Herren utrustar med slik nådegåve.

Johannes Kleppa

Bilder AdobeStock