Tankar etter fem år med Sarepta

Då vi ein liten flokk var samla ein laurdag i slutten av mai 2014 for å stifta Misjon Sarepta, hadde vi tru, kall, tankar og visjonar, men ut over det, hadde vi ingen ting. Vi hadde likevel det viktigast – Gud, og vi satsa i tru til han. Arbeidet starta 1. august med to tilsette, og med kr. 0 på konto. Det var lite med strategi, men det låg føre eit notat som skisserte ulike aktuelle satsningsområdet. Hovudsaka var å nå spansktalande, og då var det naturleg å starta i Spania. Misjonsordren til Jan-Tore Olsen og Hans Bergane var difor: Reis til Spania og sjå kva de kan få gjort! Og ha møte i Noreg, særleg på stader med lite eller ikkje forkynning.

Som vi mange gonger har understreka, var fokuset frå første dag sentral forkynning av evangeliet og kall til misjon, og det å skapa møteplassar mellom Guds ord og folk. Nokon annan strategi har vi eigentleg ikkje hatt, men ut frå det har vi bede Herren opna og lukka dører – og det er forunderleg kva som har lagt seg til rette. Noko av det store er at ungdom har engasjert seg i arbeidet.

Ein kan jo spørja om resultatet etter fem år er det ein såg føre seg ved oppstarten? Det er eigentleg eit umogleg spørsmål, fordi ein ikkje visste kva ein gjekk til og ein hadde ikkje målsette strategiar. Frå ei anna side sette har det gått langt over det vi kunne førestilla oss då, sjølv om ein alltid skulle ha ønskt å nå lengre. Den heilage uroa ligg der og seier at det meste av landet enda ikkje er innteke, og kallet dreg.

Det mest fysiske og konkret er kjøpet og etableringa av Centro Sarepta. Det låg i planane frå dag ein at vi ville starta eit bibel- og opplæringssenter i Spania. Vi leita intenst etter tomt og hus, men alle dører lukka seg – sjølv om vi prøvde å opna mange! Plutseleg og på underleg vis – nesten på underhaldande vis – opna det seg eit dør til Finca el Romeral. Gjennom ein labyrint av forhandlingar og økonomi, la det seg til rette som eit Guds under med finansiering og folk til å driva senteret. Det er som ein midt i intenst arbeid, har stått på sidelina og sett Guds gjerning. No speidar vi etter om Herren på eit eller anna vis vil opna ei diakonal dør i Spania.

Det er ikkje dei store flokkane som har kome til senteret, eller som vi har fått kontakt med i Spania, men etter kvart er det ganske mange – og senteret har bydd svært mykje for einskildmenneske.

Det som også har forundra og utfordra, er den opninga det er for forkynning mange stader i Noreg der det er lite eller ikkje kristent arbeid no. Mange er glade for at Sarepta kjem og har møte, og for den forkynninga Sarepta står for. Stadig fleire bed om møte, og det underlege er at det ofte er ufrelste menneske på møta. Nokre har fått sett evangeliet og fleire har fått augo opp for misjon. Dette er har utløyst eit kall og ei utfordringa til å satsa enda meir i Noreg og Norden, og det vert spennande å sjå korleis det utviklar seg. Vi trur Herren vil opna nye dører for Sarepta i Norden, men vi veit ikkje heilt kva dører det er. Vi bed og speidar.

Det vert nok ikkje den store feiringa av 5-årsjubileumet, men eg har eit jubileumsønskje: At fleire som har syn for Misjon Sarepta sitt arbeid, vert støttemedlemmar. Vi er glade for alle som støttar arbeidet i bøn, gjevarteneste og arbeid, men det å ha ein fast base av støttemedlemmar som vi kan venda oss til i ulike høve, og som er med og styrer organisasjonen, er viktig.

Johannes Kleppa

bilde: Adobestock