Tankar etter bibelcamp

Eg har hatt gleda av vera med på bibelcamp på Holmen Leirsted i Troms. Dette er ein leirstad med enkel standard, men det er ein flott stad heilt i strandsteinane mot fjord på det smalast mot Senja. Det er eit rimeleg og godt alternativ til bibelcamp både for barnefamiliar, einslege og eldre ektepar. Det har vore mange barnefamiliar, og det har fungert svært godt.

Det har vore nokre gjester frå Sør-Noreg, men dei aller fleste har vore frå Nord-Noreg – og det har vore veldig fint. Det er også oppløftande at dei har kome frå ulike kristne samanhengar, men har funne seg til rette i Sarepta-samanheng. Ein camping som dette betyr mykje for Sarepta sitt arbeid, men også for den einskilde som deltek.

Ved at det har vore to bibeltimar kvar føremiddag, kveldsmøte, barnemøte og ungdomsmøte, har det gjennom dei ti dagane campen har vore, lydd mykje forkynning. Mange har med det fått site under samanhengande bibelundervisning i langt større grad enn dei vanlegvis gjer. Det har stor verdi. Dette gjeld også for fastbuande i området.

Det har vore eit omfattande aktivitetstilbod for barn og unge, og for vaksne. Ein dag vart det drege opp ei kveite på nesten 20 kilo, og det vart fiska rikeleg med torsk til middag! Det er viktig at folk trivest på bibelcamping, særleg barn og barnefamiliar. Det sentrale er like fullt allsidig forkynning.

Det er oppløftande å sjå at det er mogleg å samla folk til ein camping med så sterkt vekt på forkynning og bibelundervisning som det er her. Andre stader opplever ein det same. Det gjev frimod til å satsa på denne typen arrangement.

Sarepta har forkynning og bibelundervisning som si hovudsak. Ofte skjer det på stader der det er lite forkynning og få som samlast om Guds ord. Ein prøver samstundes å leggja til rette for at folk kan koma saman frå mange stader for å lytta til Guds ord over tid. Det skjer praktisk talt gjennom heile året på Centro Sarepta i Spania. Der er det gjennom skuleåret tre timar for dagen både på norsk og spansk. Ofte er det få til stades, men gjennom året vert det mange – og dei som er der over lengre tid, får grundig innføring i Ordet.

Det er viktig å leggja til rette for det same i Noreg. Det skjer altså på Holmen leirsted om sommaren, og det skjer ved bibelhelger gjennom året. Det er også å vona at vi etter kvart får ein base i Norden, der vi kan driva kontinuerleg bibelundervisning, og der folk kan koma frå ulike stader og fylgja undervisninga over kortare eller lengre tid.

Eg satsar på at bibelcampen på Holmen leirsted vert eit fast tiltak i åra framover, og det er berre å notera seg dette alternativet for neste sommar!

Johannes Kleppa