Å forkynna og lytta til Ordet over tid

I Misjon Sarepta understrekar vi ofte kor viktig forkynninga er, og kor viktig det er å lytta til samanhengande forkynning og bibelundervisning. Det siste er det diverre mykje mindre av no rundt om på bedehusa enn det var tidlegare, ved at møtevekene stort sett er borte. Då må vi prøva å laga alternative opplegg der folk kan lytta til bibelundervisning og forkynning over tid. Når Guds ord får verk på ein over fleire dagar, gjer det noko med ein.

Om sommaren er det mange bibelcampar, leirar og andre samlingar der ein kan lytta til Guds ord over fleire dagar. Det bør kristenfolket nytta seg av, ikkje minst dei som har lite høve til det elles i året. Sarepta har både Bibelsommer i Spania og bibelcamp i Nord-Noreg. Frå byrjinga av september til byrjinga av juni er det bibelundervisning ved Centro Sarepta med tre timar for dagen heile tida. Det er eit svært godt tilbod for den som ønskjer samanhengande forkynning og systematisk innføring i Guds ord. Samstundes får ein ferie og rekreasjon for kropp og sjel.

For tida er eg ved Centro Sarepta og forkynner frå Hebrearbrevet. Det er på mange måtar eit oppbyggeleg brev, men også eit brev til formaning. Brevet sitt store tema er Jesus som øvsteprest til evig tid etter Melkisedeks vis. Det talar om at Jesus er forsonaren og at hans frelsesverk er gyldig til evig tid. Jesus er unik som person og frelsar.

Når forfattaren av brevet skal gå inn på det spørsmålet, opplyser han at det er vanskeleg å leggja ut, fordi tilhøyrarane har vorte sløve til å høyra. Dei er som småborn som berre vil ha melk, medan dei no burde vore åndeleg vaksne som tålte fast føde. Forfattaren er i villreie om har det har noko føre seg å gå vidare med temaet ut frå tilhøyrarane sin åndeleg tilstand, men han vil gjera det om Gud tillet det – og det gjer Gud, slik at vi har fått undervisninga om øvstepresten.

Dette er ei nokså sterk påminning om at alt ikkje står og fell berre med forkynninga, men også med måten ein høyrer på. Forkynninga er avgjerande viktig, for utan sann og rett forkynning kan det ikkje verta nytt liv og åndeleg vekst, men det kan det heller ikkje om Ordet ikkje verte teke imot. Tilhøyraren har difor eit viktig ansvar. Det er eit ansvar for å søkja forkynning og bibelundervisning, og for å ha eit aktivt høyrande øyra.

Johannes Kleppa

Bilde: Fra bibelcamping i nord, Holmen Leirsted, 2017