Guds ord – verkekraft og overtyding

Alt misjonsarbeid har utgangspunktet sitt i Guds ord, i ordet om Jesu frelsesverk. Alt misjonsarbeid har samstundes sin føresetnad i tillit til Ordets verkekraft og overtydingsmakt. Alt misjonsarbeid går ut på å overtyda folk om at dei treng frelse og evig liv, og at denne frelsa og dette livet er i Jesus Kristus og hans forsoningsverk.

I Apostelgjerningane les vi om korleis Paulus freista å overtyda jødane om at Jesus er Messias. Det var nokre som let seg overtyda, men dei fleste stod imot. Det er normalsituasjonen for misjonsarbeid, sjølv om det i periodar er vekkingstider der mange let seg overtyda. Ofte dreier det seg om den eine. Slik opplevest det i stor grad for Sarepta sin del i Spania.

Det er mykje som kan og bør seiast om Bibelen som Guds ord. Det gjeld at Ordet er sant og påliteleg i alle delar, at det har autoritet og er norm for alt det uttalar seg om, at det er frå opphavet og konstituerer alt som er til. Alt dette er avgjerande viktig, men det vert berre teori om det ikkje vert halde saman med at Ordet er verkekraftig og har skaparmakt i seg. Som Ordet i opphavet skapte heile universet, skaper det i dag trua i menneskehjarta. Ordet har verkeraft ut frå at det er Andens sverd og ut frå bodskapen om Jesu forsoningsverk, Ordet om krossen.

Det er dette vi meiner når vi seier at Ordet er nådemiddel. Det er det midlet eller den arbeidsreiskapen Gud brukar til å formidla sin nåde til mennesket, slik at mennesket kjem til tru. Då er mennesket overtydd om frelse i Jesu namn.

Det er viktig at vi stadig løfter fram Ordets verkekraft, og at det å vera ein kristen, er å vera overtydd om frelse i Jesus. Dette må vi gjera fordi Bibelen gjer det, men vi må også gjera det fordi det strid mot slik vi elles tenkjer og arbeider. Kristen tru og kristent misjonsarbeid er på mange måtar «naturstridig». Det fungerer annleis i det åndelege livet enn i samfunnet ellers. Normalt oppnår vi resultat – anten det er i næringslivet, i politikken eller på det personlege planet – ut frå eigen og andre sin innsats. Rett nok kviler også dette på Guds oppretthaldande makt, fordi det er i han vi «lever og røres oss og er til». Det er Gud som «gjev alle liv og ande og alle ting» (Apg 17.25-28).

Også i kristenlivet og misjonsarbeidet tenkjer vi lett på same måten som i samfunnslivet. Det har sin grunn i at vi ikkje har forstått kva som ligg i Ordets verkekraft, og at vi er heilt avhengige av at Ordet er nådemiddel. I den grad vi har forstått dette, og i den grad det får praktiske konsekvensar i misjonsarbeidet med tanke på forkynning og bibelundervisning, vert det eit sant misjonsarbeid.

Vi lever dessutan i ei (postmoderne) tid der alt som har med forpliktande overyding å gjera, er sett på avskriving. Det meste er personleg, subjektiv, relativt og flytande. Det er ikkje noko som ligg fast, borsett frå at ikkje noko ligg fast! Alt er relativt, bortsett frå at alt er relativt! Vi lever altså i eit tid som byggjer på eit sjølvmotseiande fundament. Inn i denne tida skal vi forkynna til over overtyding, og leggja ein fast og sikker grunnvoll – den som alt er lagt i Jesus Kristus og hans frelsesverk.

Johannes Kleppa