Når eit bedehus skal seljast

Alle som har tilknytting til bedehusrørsla i landet vårt, opplever det trist når bedehus må seljast fordi ein ikkje maktar halda oppe arbeid på huset. Dei fleste har vel tenkt lite på korleis ein skal tenkja om eit bedehus som vert lagt ned, og kva prinsipp som skal leggjast til grunn ved sal. Vi har vel stort sett tenkt at poenget var arbeidet på huset og ikkje huset i seg sjølv. Når arbeidet var lagt ned, var huset ein bygning som kunne seljast som andre eigedomar, gjerne etter at ein hadde hatt ein avslutnings- og takkefest på huset. Det er først i dei aller siste åra at sal av bedehus til anna religiøst forsamlingslokale, slik som moske, har vorte aktuelt.

For min del har debatten rundt salet av Seiersten bedehus i Fredrikstad ført til at eg har tenkt grundigare gjennom spørsmålet, og delvis endra oppfatning. Eg har fram til no tenkt i omtrent same banane som NLM-leiinga har argumentert etter. Då prøver ein å visa respekt for huset, for det huset har betydd, for dei som har bygd huset og for dei som har hatt det som sin åndelege heim og lagt ned mykje innsats der. Professor Tormod Engelsviken har hevda at dette ikkje er nok, teologisk og misjonsstrategisk sett. Han hevdar at eit bedehus ikkje kan seljast til moske, anna religiøst forsamlingshus eller til bruk for ikkje-kristne livssyn. Eg har kome til at Engelsviken har rett, og at hans tenking bør leggjast til grunn ved framtidige sal av bedehus.

Engelsviken legg vekt på at bedehuset er heilagt, ved at det er helga ved Guds ord og bøn, både ved vigsling og bruk. Då er det utskild til bruk for Herren, og kan ikkje brukast til det motsette. Det er truleg også slik dei har tenkt, dei som i skjøte eller vedtekter har fastslått at huset ikkje kan brukast til anna forsamlingshus enn bedehus.

Engelsviken legg også vekt på at bedehuset som forsamlingshus er eit hus innan det åndelege regimentet, og med det kan ein ikkje tenkja om dette huset som ein tenkjer om eigedomar generelt, fordi dei er innan det verdslege regimentet. Då bør ein, så sant det er mogleg, la andre kristne arbeidslag få overta huset, anten ved kjøp eller som gåve, om noverande eigar ikkje maktar drive arbeid der. Det kan ikkje overførast eller seljast til anna åndeleg verksemd, altså arbeid av ikkje-kristen eller antikristeleg karaker. Då må det heller seljast til allment bruk i det verdslege regimentet, der kristne og ikkje-kristne står likt – gjerne etter avvigsling.

Engelsviken har presisert at kristne ut frå trusfridomen ikkje har «rett eller plikt» til å leggja til rette for andre religionar og deira arbeid. Det har NLM-leiinga sagt seg samd i, men då kan ein vel ikkje selja eit bedehus til moske? Då legg ein jo til rette for islam. Det har ein altså ikkje «rett» til, og med et handlar ein galt.

Når det gjeld den økonomiske forvaltinga, bør ein ikkje tenkja denne einsidig ut frå eigaren av huset, og tenkja at den beste forvaltinga av huset er å få høgast mogleg pris. Ein bør tenkja økonomisk forvalting ut frå kva som totalt sett tener Guds rike best. Då vil ikkje prisen, men kva huset kan brukast til, avgjera salet. Det er god misjonsstrategi.

Eg har lese Tormod Engelsviken sine artiklar med stor interesse, og eg vil seia han takk for at han med sin misjonsteologiske fagkompetansen og lågkyrkjelege ståstad, har gått inn i denne saka, og med det gjeve oss hjelp til nytenking rundt sal av bedehus. Eg vonar det kan bidra til større medvit ved sal av bedehus, og hindra at eit kristent forsamlingshus går over til eit heidensk forsamlingshus, og slik legg til rette for avgudsdyrking.

Johannes Kleppa