Frå bedehus til moske

I landet vårt har vi den tragiske situasjonen at islam er på frammarsj, medan kristendommen er på tilbakegang. Det har det praktiske utslaget at det stadig vert bygde nye moskear, medan tradisjonsrike bedehus vert lagde ned og selde.

I nokre tilfelle er endringar i bumønster og kommunikasjonar slik at det er naturleg at bedehus vert avvikla, og at arbeidet vert flytta til andre eller nye bedehus. I dei fleste tilfella er det likevel slik at det er folk nok i området, og ofte meir enn før, som kunne gått på bedehuset, men vi maktar ikkje å få tak i dei. Bedehusflokken vert etter kvart så liten og aldersgjennomsnittet så høgt, at det ikkje er anna råd enn å leggja arbeidet ned og selja huset.

Det å avhenda eit bedehus sit langt inne, og det er mange kjensler og mange tankar kytt til det. Bedehuset er ikkje berre eit hus med mykje tradisjon og mange minne, men det er eit gudshus som har vore utgangspunkt for frelse, kristenliv og misjon. Det har vore eit hus til velsigning. Då er det sårt og smertefullt at det er slutt. Den velsigninga huset og arbeidet, særleg forkynninga og bøna, har formidla, ville ein gjerne skulle vore ført vidare til nye generasjonar.

I samband med at Misjonssambandet (NLM) har seld bedehuset sitt i Fredrikstad, og at det er ei muslimsk gruppe som har kjøpt det med tanke på moske, har det oppstått ein debatt om det å avhenda bedehus og å selja til muslimar. Nokre har hevda at pengar ikkje må styra salet, og at det i alle fall ikkje må seljast til moske, slik at ein antikristeleg religion får det som plattform for arbeidet sitt. Biskopen i Borg har derimot hevda at det er bra at muslimar får overta det, slik at dei får eit godt hus til å dyrka sin gud i. Han meiner det er raust av NLM å la det skje. Ein som heile sitt liv har tilhøyrt dette bedehuset og som er professor i misjonsteologi, Tormod Engelsviken, har reagert sterkt på biskopen sine utsegner. Han understrekar at det frå NLM si side ikkje har noko med å vera raus, men at dei var i ein tvangssituasjon – og ved dette salet fekk NLM mest pengar til anna verksemd. Det er tydeleg at for Engelsviken er det eit problem at islam no skal bruka huset – altså at det vert brukt til det motsette av før. Framfor å vera eit hus i teneste for frelsa, vert det eit hus i teneste for fortapinga.

Eg trur det her er viktig å halda ulike ting frå kvarandre – og å sjå ting i samanheng. Når eit bedehus vert seld til andre enn ein kristen samanheng, vil det nesten alltid verta brukt i strid med det huset vart bygd for, i alle fall over tid. I norsk samanheng er islam relativt ny, medan i land der NLM arbeider, er islam gamal og dominerande. Der kjem ein ikkje utanom å handla med muslimar – også når det gjeld gudshus, om ein skal fungera i det daglege livet. I Noreg opplevest dette annleis, men er prinsipielt likt, sjølv om det kan praktiserast fritt. Religionsfridomen er for alle, men det er noko anna å fremja, gleda seg over og ønskja tillukke med avgudsdyrking.

Eit bedehus er vigsla til eit kristent gudshus. Då er det problematisk at det vert brukt til noko anna – særleg til antikristeleg gudstilbeding og forkynning (t.d. islam), sjølv om det «berre» er eit hus. Det vil vera naturleg at arbeidet i hus vert avslutta med ein takkefest og ei avvigsling av huset, slik at huset får ein ny status ved sal. Hovudproblemet med sal av eit bedehus, er ikkje kven som kjøper det, men at det kristne arbeidet på huset vert avslutta. Det er eit negativt teikn i tida.

Johannes Kleppa

Bilde: Kirke og Moske AdobeStock