Fokus på Jesu oppstode

Det er påfallande når vi les Apostelgjerningane og dei ulike talane vi finn der, er kor sterkt fokuset er på Jesu oppstode. Det er det overraskande og det store skiljet, og det er forkynninga av Jesu oppstode som stadig skaper reaksjonar. Dette skal vi merka oss, vi som har som tradisjon å leggja størst vekt på Jesu liding og død i vår stad. Det er ved oppstoda lidinga og døden får si meining og sin verknad.

Fokuset på oppstoda startar før Apostelgjerningane og det er ikkje berre der oppstoda er i fokus. Fortellinga om Emmaus-vandrarane (Luk 24) er typisk for den forvirringa og undringa som var knytt til Jesu oppstode. Det var noko alle i Jerusalem, inkludert dei som var komne til påskehøgtida, snakka om. Når ein mann som var i Jesus sin situasjon før og på Golgata, ikkje vart i grava, måtte det vera noko spesielt med mannen. Det talte for at han verkeleg var Guds Son og Messias.

Som kjent gjer Paulus heile kristentrua avhengig av at det faktisk er ei oppstode, og at Jesus har stått opp. Han fører fram ei rekkje vitnemål om det, og argumenterer med at over 500 har sett han oppstått, og at dei fleste av dei lever når han skriv om det (1 Kor 15). I ei kvar rettsak ville ein med slik overmektig og samstemmig vitneførsel, få gjennomslag for at det stemmer. Paulus argumenterer også med at det ikkje har skjedd i ein avkrok og at kongen er kjend med Jesu oppstode (Apg 26.26).

Når Peter og Paulus held sine talar den første tida, slik dei er refererte i Apostelgjerningane, går mykje av talen ut på å halda saman det som er sagt i GT om Messias med det som skjedde med Jesus. I dette perspektivet vert oppstoda det ultimate provet for at Jesus var den lova Messias (Rom 1.4). Det skaper ein dobbelt reaksjon. Nokre spør då kva dei skal gjera for å verta frelste, fordi dei tek mot sanninga om Jesus Messias. Andre oppfattar dette som blasfemi og reagerer med avsky og forfylging, fordi ikkje kan tru at Jesus er Messias – dei hadde andre tankar om han.

Så får også vi enda vår forkynning i påskehelga med at Herrens lidande tenar er Messias, og at han har stått opp frå dei døde og lever – og ved det lever også vi og vår tru.

Johannes Kleppa