Når løgna vinn makt

Som konsekvens av at den lovlause verkar med stor makt i løgn, slik at folk ikkje tek imot kjærleik til sanninga, skriv apostelen Paulus: «Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur løgna.» (2. Tess 2. 10f). Den same realiteten omtalar Paulus også i Romarbrevet, når han skriv om folk som ikkje æra eller takka Gud slik dei burde: «I staden vart dei tomme i tankane sine, og dei uvituge hjarto deira vart formørkte.» (Rom 1. 21)

Med tanke på den utviklinga som skjer i samfunnet og prioriteringar som vert gjorde i politikken, er det vanskeleg å finna ei anna forklaring enn den vi her har referert frå Guds ord. Det veks fram tankar, haldningar og handlingar som er så klart i strid med naturen, sunn fornuft og faktisk kunnskap, at ein ikkje skulle tru det var mogleg. Det fører også med seg politiske prioriteringar som manglar eit kvart rasjonelt grunnlag, om ein berre vil sjå med opne augo. Åndeleg og etisk blindskap fører med seg ein politikk som ville vore tverrpolitisk umogleg for få generasjonar sidan. Dette gjeld særleg livsrett for barnet i mors liv og ekteskap med mor og far for barnet.

Det er berre tomme tankar og uvituge hjarto som kan forklara at ein ved norsk lov gjev rett til å ta livet av barnet i mors mage av kva grunn som helst, fram til eit visst tidspunkt i svangerskapet. Det vert berre eit skjønn kva veke i svangerskapet ein set som grense for dette, og denne kan skyvast etter kva ein ut frå velværegrunnar finn tenleg. Det siste har vore tema på årets landsmøte for eit statsberande styringsparti som Arbeidarpartiet. Der har dessutan Kristeleg Folkeparti fått hard medfart fordi parti fekk inn ei lita, men viktig endring i abortlova med tanke på «tvillingabortar», og at dei fekk sett på bremsene i bioteknologien. Desse to saken var truleg kristent sett dei viktigast partiet fekk gjennom i regjeringsforhandlingane.

Når løgna vinn makt, vert det ein voldsom reaksjon når villfaringa ikkje får gå sin vilkårlege gang. Desse reaksjonane må vi frå kristent hald rekna med, og vi må vera villige til å reisa den motstanden som er nødvendig i samsvar med sanninga i Guds ord – men i kjærleik.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock