Frå allmennreligiøsitet til nyreligiøsitet

Noreg har ikkje alltid vore kristent. Vi har ei lang historie med heidenskap, der ulike gudar vart tilbedne. Etter det har vi hatt ei 1000-årig kristen historie, der kristendommen vart totalt dominerande. Samfunnsmessig sett kan vi seia at vi hadde ein homogen kristen kultur, sjølv om langt frå alle var kristne sett i lys av frelsesspørsmålet.

Alle som gjekk på skulen fram til rundt 1970, vart prega av dette. Etter den tida har situasjonen endra seg radikalt, og det har historisk sett skjedd kolossalt raskt. Det er mange indikatorar på dette. Det eine er det vi kallar sekulariseringa, og det andre er denne sitt motstykke nyreligiøsiteten.

Eg fekk ei lita overrasking og aha-oppleving på dette området i samband med at eg skulle undervisa på Centro Sarepta i nyreligiøsitet i veka som no ligg bak. Eg trudde eg kunne noko det, fordi eg hadde lese ein god del om spørsmålet i ungdommen, og eg hadde skrive og undervist om saka på 1980-talet. Då eg skulle til å førebu meg og lesa litt ny litteratur om emnet, gjekk det opp for meg at eg hadde sove i timen og at utviklinga hadde gått slik at den religiøse situasjonen var annleis enn eg tenkte.

Kristendommen var dominerande i landet vårt fram til rundt 1970. Rett nok var det nokre jødar og nokre få som høyrde til andre religionar. Med tanke på dei som ikkje var «personleg kristne» snakka vi om allmennreligiøsitet. Denne hadde sitt utgangspunkt i kristendommen og kristendomsundervisninga på skulen, og inkludert trua på Gud som skaparen og dei ti boda – og at det som gjaldt Jesus, vart halde for sant. Dette var utgangspunktet for alt kristent arbeid, og forkynninga kunne basera seg på det.

Frå rundt 1970 endra dette seg. Vi fekk det vi kalla «moderne religiøsitet», og den store eksperten på området var Arild Romarheim, som skreiv ei grundig innføringsbok om fenomenet i 1977. Det kom ein rekkje religionar og religiøse retningar til landet, delvis ved innvandring og delvis på anna vis. Romarheim omtalar 30 nye religionar eller rørsler. Dei er altså namngjevne og definert med sine læresetningar. Etter kvart kom det nye og meir fyltande åndsretningar under paraplyen New Age. Jesu person og gjerning vart her omtolka til det som vart kalla «vannmannens tegn», som Romarheim skreiv om 1988. Jesus vart visdomslærar framfor forsonar.

Det som gjekk opp for meg med tanke på nyreligiøsitet anno 2019, var at det no ikkje er snakk om definerte religionar eller rørsler. No er det heile udogmatisk, flytande, synkretistisk og individualistisk – og passar med det til postmodernismen. Med utgangspunkt i panteistisk religiøsitet får Austen og frå naturfolk, og ut frå mysterietradisjonar og visdomslære dannar folk ein eigen religiøsitet. Det guddommelege og det personlege går i eitt, slik at ein orienterer seg ut frå seg sjølv. Det er nok framleis element av den gamle allmennreligiøsiteten, men den er no stort sett utan substans, fordi kunnskapsbasen frå skulen er svært mykje mindre.

Nyreligiøsiteten er straumdrag som flyt gjennom heile kulturen, og som er den åndelege situasjonen vi skal forkynna Guds ord inn i – kombinert med at samfunnet er avkristna.

Johannes Kleppa