Lov som freistar til urett

I Dagen 7. mars skreiv Kenneth Bakken ein svært personleg, aktuell og tankevekkande artikkel. Bakken har ein uhelbredeleg sjukdom som også medfører mykje smerte. Han har til tider opplevd situasjonen uhaldbar og livet uleveleg. Han har difor ønskt livet slutt, og han har tenkt på og lagt planar for det, slik som å søkja «aktiv dødshjelp» i Sveits.

Poenget i artikkelen er at det å avslutta sitt eige liv ikkje er rett, same på kva måte det måtte skje. Han kjenner likevel stadig på ønskje om eller freisting til å gjera det. Ved at «aktiv dødshjelp» eller «assistert sjølvmord» ikkje er lovleg i landet vårt, er det vanskeleg å få utført. Det ser han på som eit god. Han påpeikar samstundes sjølvmotseiinga i at sjølvmord vert sett på som ein tragedie, medan «dødshjelp» vert rekna som eit gode.

Dersom «aktiv dødshjelp» vert innført i landet vårt, vil den utvegen vert langt lettar å oppsøkja enn tilfellet er no. Det vil verta ei freisting for Bakken og andre som er i tilsvarande situasjonar. Den freistinga bed Bakken om å sleppa å verta påført, altså bed han politikarane om ikkje å opna for dette i det norske lovverket. Bakken skriv:

«Så kjære politikere: Vær så snill å beskytte meg og andre som lider fra oss selv. Vær så snill å ikke starte nok en politisk «trappetrinnsprosess», der nok en lov liberaliseres til det ugjenkjennelige og ødelegger samfunnets menneskeverd enda mer.»

Det er grunn til å seia Kenneth Bakken takk for artikkelen, og for argumentasjonen. Det er slik at lov skaper haldning. Sanne lover skaper gode haldningar, og ulover skaper dårlege. Rett lover verkar til det gode, medan galne lover verkar til det vonde. Lover kan både formana og freista.

Gjennom to veker har underteikna undervis i dei ti boda ved Centro Sarepta. Bakken sin artikkel er eit sterkt apropos til bodet om ikkje å drepa. Det er også eit vekkarrop inn i tida sin tankegang. Gjennom naturalismen og evolusjonslæra er det innført ein tanke som undergrev menneskeverdet. Mennesket får ikkje verdi ut frå seg sjølv som skapt i Guds bilete, men ut frå sin funksjonalitet. Gjennom postmodernismen er det innført ein tankegang som seier at det ikkje finst noko som er absolutt sant, men alt er relativt og subjektivt.

Dette har i lengre tid gjennomsyra universitet og høgskular, og har sive inn i heile skuleverket og samfunnet. Då vert det innført lover som ikkje er i samsvar med Retten, og som verkar til og freistar til det vonde og galne. I denne situasjonen er det viktig at det vert undervist i den kristne forsamlinga om kva som er rett etter Guds vilje, og med det er godt for mennesket. I denne situasjonen er det også viktig at dei unge får kristen kunnskap og tenking som dei kan møta tankane i tida og utdanninga med – og det prøver vi å bidra til ved Centro Sarepta.

Johannes Kleppa