Boda og kristen etikk

Det er ikkje ofte det vert forkynt om dei ti boda rundt om på bedehusa. Tidlegare var det slik at ein fekk grundig undervisning om boda i kristendomsundervisninga i skulen og i konfirmasjonsundervisninga. Slik er det ikkje lenger. Kyrkja har dessutan radbrekt det fjerde og det sjette bodet ved å akseptera homofilt samliv og samkjønna «ekteskap». Det er difor viktig med undervisning om boda rundt om i kristne forsamlingar i dagens åndssituasjon.

I fjorten dagar underviser underteikna no i dei ti boda på Centro Sarepta. Asbjørn Barlaup underviser samstundes i boda på spansk. Dette er etikkundervisninga ved senteret. Det verkar som tilhøyrarane synest undervisninga er både nødvendig og spennande.

I tidlegare tider var det vanleg å orientera etikken ut frå dei ti boda, og med det vart Guds ord styrande for undervisninga. No er det meir vanleg at etikken er temaorientert. Det har den fordelen at det som er mest aktuelt i tida, vert teke opp, men det kan lett føra til at undervisninga vert allmenn og ikkje spesifikt kristen.

I kristen tenking er etikken orientert ut frå det første bodet. Dette kjem svært tydeleg til uttrykk i Luther si forklaring til boda i Den vesle katekisma. Det at vi ikkje skal ha andre gudar enn den sanne Gud, er forklart slik: «Vi skal over alle ting ottast, elska og lita på Gud.» Det er ei svært enkel forklaring, men i praksis er ho ikkje lett å etterleva. Det kan vera så mykje i menneskelivet ein elskar og set sin lit til, sjølv om det ikkje har namn av å vera gud.

Forklaringa av alle dei andre boda har sitt utgangspunkt i det første bodet, ved at det alltid startar på denne måten: «Vi skal ottast og elska Gud, så vi …» Det er altså Gud og forholdet vårt til han som skal vera bestemmande for livet vårt. Det er Gud som definerer kva som er rett og galt, godt og vondt. Difor vert også rett og galt, godt og vondt, i livet bestemt av vårt forhold til Gud. Det å frykta og elska Gud får bestemte konsekvensar for livet, og dei konsekvensane svarar nøyaktig til dei ni boda som fylgjer av ikkje å ha andre gudar enn Gud.

Allmenn etikk og etikken i ulike religionar og livssyn liknar i stor grad på kristen etikk. Ytre sett er innhaldet langt på veg likt. Det har sin grunn i at mennesket er skapt i Guds bilete, og at Gud har lagt sin vilje ned i skaparverket. Mennesket er difor langt på veg si eiga lov, der samvitet er som ein domstol om kva som er rett og galt (Rom 2.15f). På grunn av syndefallet som omfattar alle delar ved menneskelivet, er vi like fullt avhengige av Guds openberra vilje i Skrifta, det vil seia dei ti boda, for å vita sikkert kva Guds gode vilje er.

Denne viljen har altså sitt opphav i Gud og hans vesen, ikkje i mennesket eller naturen, og difor vert etikken berre kristen om ein orienterer seg ut frå det første bodet, og då fylgjder det eit «så».

Johannes Kleppa