Biskop – profet eller politikar

Til tider kan ein lura på om kristenleiarar trur dei er politikarar når dei uttalar seg i det offentlege rommet. Det gjeld i særleg grad biskopane. Dei opptrer på politiske og mediemessige premissar. Då har dei misforstått rolla si.

Biskopar og andre kristenleiarar har fleire funksjonar, men når dei uttalar seg med tanke på samfunnsspørsmål, kultur og politikk, skal dei opptre ut frå profetens rolle. Dei skal forkynna og undervisa om kva som er rett etter Guds ord, og så er det opp til politikarar og andre samfunnsaktørar å omsetja dette i praksis – eller å avvisa det som irrelevant eller uønska.

Profeten har mandatet sitt frå Gud, det vil seia frå Guds ord. Det er openberringa i Bibelen som gjev innhald eller substans til det biskopane som profetar skal seia, og det er openberringa som set grenser for kva dei skal uttala seg om. Dei skal tala som Guds ord, korkje meir eller mindre. Dei skal ikkje ta omsyn til kva som er politisk korrekt eller mogleg, eller til korleis folk vil reagera. Det er retten og sanninga som skal fram. Dette ligg i det som vi teologisk kallar lovens tredje bruk, der lova skal brukast «borgarleg», altså på samfunnet.

Biskopane har nettopp kome med ein tåkeleggande uttale om abortspørsmålet. Det er eit typisk døme på at dei ikkje har forstått si profetiske oppgåve i høve til samfunnet, eller ikkje vil eller vågar å gå inn i henne. Dei opptrer ut frå fornuftsargument om kva samfunn som er best, med eller utan «lovleg abort», og ut frå politiske vurderingar av om kor vanskeleg det er å laga ein god lov på området. Dette er det ikkje deira oppgåve å meina noko om. Ut frå sitt profetiske mandat skal dei derimot seia at fosteret er skapt i Guds bilete med livsrett og menneskeverd, og at det må få nedslag i lovgjevinga. Dei må også seia noko om kva negative fylgjer det har for folk og samfunn om lovgjevinga og samfunnet ser bort frå skaparordningane og set til side Guds gode vilje.

Biskopane skal med profetiske tyngde venda seg mot folk sitt samvit, og i etiske spørsmål som har med lovgjevinga å gjera, særleg mot politikarane sitt samvit. Det vil sjølvsagt skapa negative reaksjonar fordi mange ikkje vil høyra dette, men det vil samstundes vera til hjelp for kristne politikarar og andre som vil halda seg til Guds vilje etter dei ti boda. Når biskopane no har kome med ein tvetydig abortuttale som i realiteten sementerer dagens abortlov, er det ei naturleg fylgje av vedtaket om likekjønna «ekteskap». Der skaparordninga er sett til sides, vil også skapinga i Guds bilete – som er det mest grunnleggjande av alt – falla bort.

Når det skal talast med profetisk tyngde, kan ein ikkje ta utgangspunkt i unnataka, men må orientera seg ut frå det fundamentale. Det er berre då ein også kan koma til rette med unnataka, i abortsaka gjeld det særleg spørsmålet der liv står mot liv. Det er det berre kvalifisert helsepersonell som kan avgjera.

Når biskopane opptrer som politikarar, opplevest det uinteressant for media og politikarar, men skaper irritasjon og frustrasjon i kristenfolket. Opptrer dei med profetisk mynde, vil det gje gjenklang i det offentlege ordskiftet – og takksemd bland Guds folk.

Johannes Kleppa