Russland og kristendommen i Europa

Eg har nett lesa ei bok om Steinar Harila og det arbeidet «Hjelp til Russland» driv. Boka er skriven av ein russer, slik at det heile vert sett med russiske augo. Det er ei interessant og lærerik bok av to grunnar. Det eine er at vi får eit innblikk i russisk kultur, politikk og tankegang, og kristendommens posisjon der.

Enkle kår.

Det andre er at vi får eit innblikk i det hjelpearbeidet som Steinar Harila står i spissen for gjennom den vesle organisasjonen Hjelp til Russland. Det er imponerande kva ein så liten organisasjon kan få utretta på ein enkel og målretta måte. Hjelpearbeidet er retta mot fengsel, barnehagar, helseinstitusjonar og kyrkjebygg. Det vert omtalt som hjelpearbeid, men det er eit godt diakonalt arbeid. Det er ei dristig satsing i tru til Gud.

Det lærerike er nettopp korleis kristent hjelpearbeid eller diakoni kan verta folk til hjelp i vanskelege livssituasjonar og betra livsvilkåra radikalt. Det er viktig i seg sjølv, men det opnar også for forkynning av Guds ord. Diakonien fungerer som ein døropnar for evangliet. Det opnar både fengselsdører og hjartedører. Der gode gjerningar og vitnemål om Jesu frelsesverk går hand i han, viser historia at det gjev gode resultat for folk og kristentru.

Mot slutten av boka er det nokre tankevekkande refleksjonar frå forfattaren. Han spør: «Hvorfor er det så smertefullt for oss som bor i Russland å se på at kristendommen blir fjernet fra Europa.» Etter han har gitt nokre få døme på korleis kristne symbol og kristen tenking vert fjerna eller rekna som farleg, svarar han: «Det er fordi at vi i Russland var uten Kristus i lang tid.»

Det at Kristus og kristen tru var forbode i Russland hadde mange skadeverknader for land og folk. Det gjev denne boka nokre glimt av, og behovet for hjelp kan på mange måtar førast tilbake på undertrykkinga av kristen tru og tenking. Det førte med seg mange negative forhold i samfunnet, i tillegg til at frelsesdimensjonen var borte. Det same må vi rekna med etter kvart vil skje også i Vest-Europa, om den åndelege utviklinga går vidare slik det har vore dei siste tiåra.

Det er ikkje noko som har meir livskrefter i seg enn kristendommen – Kristus og Kristus-tru. Der denne livskrafta vert undertrykt, fjerna eller motarbeidd, må det få negative konsekvenser ved at dødsmaktene får tak. Motelden til det er diakoni og Kristus-forkynning.

Johannes Kleppa