Frelseshovding – fullenda gjennom lidingar

Hebrearbrevet seier at Gud fullenda frelseshovdingen vår gjennom lidingar. Ja, endatil at det «sømde» seg for han å gjera det (2,10).

Det er både ei underleg og paradoksal sak at Jesu frelsesverk, det at Guds barn skulle førast til herlegdom, måtte skje på denne måten. At Gud utfører denne gjerning gjennom ein frelseshovding, synest greit, men det kan verka naturstrid at det skjer gjennom liding. Vi skulle tru at Gud som har all makt i himmel og på jord, han som ikkje noko er umogleg for, kunne fullenda ein frelseshovding gjennom makt, styrke, siger og herlegdom. Det gjer han altså ikkje, han vel liding og død. Lidinga toppar seg på Golgata i det Jesus sonar for syndene våre ved at Gud i sin vreide straffar Jesus i vår stad ved å forlata han.

Opp gjennom tidene har det vorte sett fram ulike forsoningslærer, og med ujamne mellomrom dukkar det opp diskusjonar om forsoninga, og på kva måte Jesus sona syndene våre. For litt sidan var det i norsk samanheng ein debatt om dette, og det gjekk særleg på om Jesu død var offer og liding, om det var det som – på bokmål – vert kalla «stedfortredende straffelidelse», altså at Jesu lei ei straff for vår skuld og i vår stad.

Det er ulik forståing av kva nattverden er, men til alle tider har det vorte feira nattverd med orda om at Jesu lekam «vert gjeven for dykk» og at Jesus blod «vert utrent for dykk». Nattverdliturgien har difor alltid hatt eit sterkt element av at Jesu liding og død var for oss, eller i vår stad. Det er snakk om eit offer.

Hebrearbrevet gir også sterkt uttrykk for at Jesus ikkje kom for å gå inn i same tenesta som dei prestar og øvsteprestar som hadde vore opp gjennom historia. Han kom ikkje for å bera fram dei tradisjonelle offera, men Gud gav han ein lekam, slik at han på denne kunne bera syndene våre opp på krossen, og der li og døy for syndene og med det for oss.

Det er lett for å skugga unna alt som har med Guds vreide og straff å gjera, og med det at Jesus reelt måtte li. Då skuggar vi unna sjølve evangeliet, det som gjer kristendom til kristendom – til forskjell frå alle religionar. Det er berre i Bibelen vi møter openberringa av ein Gud som kjem til jorda ved sin Son og vert eit menneske – for å verta fullenda som frelseshovding gjennom lidingar.

Johannes Kleppa