Kva med abortdebatten?

Det er knapt noko anna sak det er vanskelegare å debattera her i landet enn abortsaka. Det må i så fall vera homofilispørsmålet og likekjønna «ekteskap». Debatten som Kristeleg Folkeparti reiste i samband med regjeringsforhandlingane og den vesle endringa i abortlova som det no vert lagt opp til, viser dette til fulle.

MF-professor Harald Hegstad skriv i Luthersk Kirketidende nr 2/2019 om «Den vanskelige abortdebatten». Han påpeikar med rette at «siden abortstriden på 1970-tallet har kirken vært påfallende taus om dette spørsmålet.» Den gang var det stort engasjement, men det har vore uforsvarleg stille etterpå. No er det på nytt ein tendens til debatt av politiske grunnar, men kyrkja er framleis taus.

Hegstad forklarer den tause posisjonen kyrkja har innteke med at Per Lønning, Børre Knudsen og andre sin embetsnedleggingar og aksjonar på sikt bidro til «den taushet og handlingslammelse som vi ser i dag». Det er jo å snu saka fullstendig på hovudet. Det var desse som heldt liv i saka og skapte engasjement rundt fosterets rett til liv og vern. Det å skulda på dei som gjorde noko, for at ein sjølv ikkje engasjerte seg verken då eller seinare, er ansvarsfråskriving på høgt nivå.

Når no teologiprofessoren inviterer til ny debatt, legg han lista svært lågt. Grunnen til det er at både mandatet for å seia noko og kva ein i så fall skal seia, vert uklart. Vitenskapen kan ikkje gje svar på «hvordan en skal forstå fosterets status som menneske», hevdar han. Det er snedig sagt med tanke på det ein veit om unnfanginga. Dessutan har Guds ord eit svært tydeleg svar på det spørmålet.

Hegstad kan ha rett i at frå kyrkeleg og teologisk hald, bør ein ikkje fokusera alt for mykje på lovgjevinga, fordi det er styresmakta si sak. Poenget er likevel at når ein fokuserer på fosterets livsrett, menneskeverd og retten til livsvern, vert vegen til lovgjevinga nokså kort og klar. Det er også rett at kyrkja og kristendomen ikkje har den posisjon i folket som etisk rettleiar, som ein hadde før. Då er det di meir nødvendig at ein gjennom lære og forkynning – særleg det siste – opptrer med det profetiske mynde ein har etter Guds ord.

Kristne leiarar og forkynnarar – same kva plattform dei har eller kva organisatorisk samanheng dei står i, skal ikkje skjelna til folk eller styresmakt, til kva ein kan få gjennomslag for eller ikkje. Det mandatet ein har ut frå slike posisjonar, er openberringa i Guds ord. Ut frå det skal ein løfta fram kva som er rett og gale, og ein skal med profetisk styrke sikta seg inn på folks samvit, særleg deira samvit som har ansvar for lovgjeving og praksis.

Denne profetisk oppgåva inn i folk og samfunn synest det som at både kyrkje og kristenfolk generelt har gløymt at ein har.

Johannes Kleppa

Bilde: Børre Knudsen