Fanatisme i norske media

«Har du skrevet noe om fanatismen i norske media?» Det spørsmålet fekk eg nett i ein sms. Nei, måtte eg svara, men no gjer eg det. Vedkomande peikte særleg på det som KrF-politikarar får gjennomgå i media for tida.

Media skal ha ein fri og sjølvstendig rolle i samfunnet, og med det også driva undersøkande og kritisk journalistikk. Det merkeleg er at media i alle sin fridom og alt sitt sjølvstende i stor grad går i flokk. Til tider kan det verka som ein ulveflokk som jaktar felles bytte, ikkje minst når det gjeld litt konservativt kristenmannsblod. Dessutan er det ofte slik at eit kobbel av politikarar sluttar seg til den same flokken, og også dei brukar i stor grad media i jakta si.

Dette vert forsvart ut frå ytringsfridomen og media sin rolle i samfunnet. Begge delar er viktig, ikkje minst med tanke på demokratiet og dei politiske prosessane. Like fullt er det slik at ytringsfridomen kan misbrukast, og media kan få ein destruktiv funksjon. Både det som gjeld ytringar og media si rolle må setjast i ein etisk samanheng. Det er ingen livsområde eller samfunnsområde som fell utanom etikkens område, heller ikkje ytringsfridomen, politikken og media. Alt er ikkje rett og godt, sjølv om det er lovleg.

Det at ein set ytringsfridomen inn i ei etisk ramme, betyr ikkje at ein vil setja mange juridiske rammer for ytringar. Prinsipielt må rommet for frie ytringar vera maksimalt stort reint juridisk, derimot må ein praktisera ytringsfridomen med etisk ansvar. Dette gjeld også for den politiske debatten. Politikarane og forkynnarar er av dei grupper i samfunnet som er mest avhengig av ytringsfridomen for å kunna utføra arbeidet sitt på ein rett og god måte. Då må ein også vera seg sitt etiske ansvar medvite i denne samanhengen, elles undergrev ein både ytringsfridomen, politikken og forkynninga.

I eit gjennomsekularisert og til del antikristeleg samfunn vert ytringsfridomen og mediemakta brukt mot tradisjonelle kristne verdiar og haldningar, og mot dei som fremjar dette i det offentlege ordskiftet, på ein til tider fanatisk måte. Det har nokre KrF-politikarar fått kjenna på kroppen i det siste, særleg knytt til spørsmålet om abortlova, bioteknologien og homofilispørsmålet. Det skal mykje til å stå i det presse dei vert utsette for. Det er svært lett å verta fanga inn av tidsånda og tilpassa seg denne.

Dei som står fram i det offentlege rommet med tydelege kristne standpunkt, anten det er i politikk og kultur eller i kyrkje og misjon, fortener stor takk og mykje omsorg. Det er ikkje for ingen ting at Guds ord formanar oss til «framfor alle ting» å be for folk i høge stillingar. Dei som kjempar i det offentlege rommer for Guds ord, kristen tenking og kristne verdiar, må omsluttast med uthaldande forbønn – elles vil dei ikkje makta å stå i kampen slik samfunnet og media har utvikla seg.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock