Sarepta-tankar ved eit årsskifte

Eit årsskifte gjev alltid grunn til refleksjonar over året som ligg bak og året som ligg føre. Kva bar året som har gått over i historia i seg, og kva vil det nye året gje? Tankar og ettertankar av dette slaget kan ein gjera seg med tanke på eins personlege liv og familien, og med tanke på arbeid og misjon.

Når det gjeld Misjon Sarepta, er historia framleis kort, og arbeidet er under oppbygging. Då skjer det stadig noko nytt, ting vert endra og til tider kan arbeidet ta litt andre retningar enn ein hadde tenkt. I eit pionerarbeid er det mykje av det som ligg i ordet om at «vegen vert til medan vi går». Sjølv om vi for Sarepta sitt arbeid har staka ut ein kurs i det som er nedfelt i vedtektene, har vi i liten grad lagt bestemte strategiar. Vi har arbeidd, og så har vi bede til Gud om at han måtte opna og stengja dører etter som han såg det teneleg for si sak.

Det er opna nokre dører også i 2018. Det viktigaste er dei hjartedørene som er opna for evangeliet til frelse og nytt liv. Det er stort å tenkja på at nokre har gått over frå døden til livet og andre er fornya i gudslivet sitt gjennom det arbeidet Sarepta har fått utført i Spania og i Norden i året som ligg bak. Det gjev grunn til takk og glede.

Arbeidet ved Centro Sarepta og det som skjer ut frå senteret elles i Spania, har stadig vore i oppbygging, slik at vi står rusta på ein ny måte ved inngangen til 2019. Johannes Thorlund har brukt eit år på å læra spansk (samstundes som han har drive eit ingniørfirma, som han no har lagt på is), og han har i haust hatt si første undervisning på spansk. Det har vore krevjande språkleg og med tanke på innhald og undervisningsopplegg. Det er her lagt eit godt grunnlag for vidare teneste.

Hausten fekk vi tilsett på prøve ein spansk evangelist, som også er bibellærar, Felipe Lobo. Han er no fast tilsett, og det er nesten som eit under at vi har fått ein slik medarbeidar. Det er ikkje mange spanske evangelistar med eit læresyn og eit åndeleg syn som passar inn i Sarepta! Det er difor stor grunn til takk og glede for denne tilsetjinga. Det gjev heilt nye føresetnader for arbeidet inn i det spanske folket.

dav

Ved Centro Sarepta har vi også på gang ei omorganisering med tilsetjing av driftsleiar, som vi trur skal gjera arbeidet enda meir effektivt, slik at vi kan få enda fleire studentar og gjester. Det er å vona at stadig fleire kristne som vil til Spania, må sjå den gode kombinasjonen som er ved senteret med tanke på bibelundervisning, rekreasjon og å støtta misjonsarbeidet. Det vert dessutan spennande å sjå om Herren opnar nokre diakonale dører i Spania i 2019.

Noko av det mest spennande for 2019, er kanskje kva som vil opna seg av arbeid i Noreg og i Norden elles. Det er heilt tydeleg at det er eit enormt behov for forkynning, både til vekking og frigjering og til bibelkunnskap og utrustning. Mange ønskjer den forkynninga Sarepta står for, og ønskjer Sarepta-møte rundt omkring. Det gjeld ikkje minst der det er lite forkynning frå før, men også der det er ein god del arbeid. Sarepta har ikkje mange arbeidarar å senda, men vi vonar å få fleire, både lønna og ulønna. Dette er eit bøneemne, og det vert spennande å sjå om Herren opnar nye dører her ved at nye nådegåver vert utløyste. Skjer det, ordnar nok økonomien seg også slik denne har gjort til no!

Johannes Kleppa

Hovedbilde: Veien blir til mens vi går