Kunnskap i perspektiv

Det vert for tida arbeidd med nye læreplanar for den norske grunnskulen. Prinsippa som er lagde til grunn for planarbeidet, har skapt ein del debatt. Eit av ankepunkta er at kunnskapen ikkje får nok historisk perspektiv over seg. Dei ulike kunnskapselementa vert for isolerte, og med det får dei ikkje den danningsfunksjonen som dei skal ha.

Den nye tenkjemåten svarar til den postmoderne og nettorienterte tida vi lever i. Ut frå postmodernismen finst det ikkje noko absolutt sanning. Det heile er relativt og subjektivt. Då er det i prinsippet umogleg å setja kunnskapen i perspektiv. Det er ikkje noko fast punkt som ein kan relatera til. Det måtte i så fall vera historia og erfaringa, men også denne kan tolkast subjektivt.

Tenkinga svarar også til den medietida vi lever i, særleg med tanke på sosiale media og nettbasert kunnskap. Same kva ein lurer på, kan ein gå inn på nettet og finna svar på ein-to-tre. Ein treng ingen PC, det held med mobilen. Ein kan på denne måten henta fram eksakt faktakunnskap, men denne vert ikkje sett i perspektiv eller inn i ein samanheng. Kunnskapen er fragmentarisk, og med det fungerer han ikkje til å få eit heilskapssyn på livet, eller til å brukast ut frå eit livssyn. Det heile vert oppstykka, og då vert det vanskeleg å få rotfeste for liv og tenking. Då vert det også vanskeleg å finna mål og meining med livet.

Denne situasjonen er ei utfordring til kristenlivet og til kristne. Det er lett å verta overflatisk og med det driva rundt omkring saman med det tankegodset som flyt i tida. Dette kallar på kristen tenking og på kristne skular. Det er ei stor utfordring med tanke på grunnskule og vidaregåande utdanning, men ikkje minst med tanke på høgskule- og universitetsutdanning. Frå kristent hald har ein aldri makta å ta skikkeleg tak i den utfordringa som ligg i tankegodset i akademia, sjølv om ein har gjort ein del. Universiteta er i stor grad sekulariserte, men dei har til no trass det sett kunnskapen inn i eit visst perspektiv ved hjelp av historia. No ser det ut for at også det er i ferd med å glippa, slik at kunnskapen vert heilt utan ankerfeste.

I denne situasjonen må vi hjelpa dei unge til ikkje berre å få seg ei god utdanning og samla seg solid faktakunnskap, men til å tolka kunnskapen og bruka denne på rett måte. Det er ein del av danninga. Dette må kristne skular på alle nivå vera seg medvitne. For å gje dei unge hjelp i denne situasjonen, må ein særleg hjelpa dei til å få kristen kunnskap, slik at den allmenne kunnskapen får sitt perspektiv frå Guds ord. Det prøver vi å gje eit lite bidrag til ved Centro Sarepta, og difor vonar vi mange unge vil søkja seg hit.

Johannes Kleppa